Andreas Taklo med solokonsert

Eit relativt lite, men desto meir kompetent publikum kom for å høyre Andreas Taklo sin første solokonsert. I benkeradene kunne ein sjå tidlegare pianolærar Geir Åge Hovland og Arne Sunnarvik frå Kulturskulen.

Andreas har gjort veldig store framsteg. Det er kjekt å sjå elevar frå Kulturskulen som satsar og har utvikla seg så mykje, seier kulturskulerektoren til Firdaposten.

Andreas er sjølv nøgd med konserten, men ikkje helt fornøgd. – Det er alltid ting som kan gjerast bedre. Er du nøgd set du for låge krav.

Anders spelte i to timar utan notar. Han øver mykje – fem timar kvar dag og enkelte dagar opp i seks timar. Muskelplager bremsa han nokre år, men systematisk trening har hjelpt på. I tillegg har han forbetra teknikken slik at spelinga ikkje belastar kroppen.

For tida går Andreas på Barratt Due musikkskule. Her studerer han i lag med nokre av dei største klassiske talenta i Norge. Så sjølv om han har valgt ein litt nerdete og einsam veg har han på denne skulen funne fleire likesinna.

Les meir i Firdaposten lørdag