Nytt av året – lokal karusell for motbakkeløp i Sogn og Fjordane

Dette løpet er også med i Norges-cupen for motbakkeløp. Løpet startar 7 moh, og endar opp på Storehaugen, 908 m over Sognefjorden. Løypa er 3,7 km, og konkurranseklassen startar kl 12. Mosjonistar utan tidtaking startar mellom 9.30 og 12.00.

Hovlandsstøylen opp går søndag 3. juni, frå Idrettsparken, til Hovlandsstøylen, 475 moh. God og fast grusveg det meste av trasèen, med innslag av litt oljegrus i starten, og litt lausare gruslag i hardaste motene. Ei familievenleg løype, som fortener mange deltakarar!

Svinestrandløpet er det tredje arrangementet i karusellen, og det startar laurdag 9. juni i Sandane sentrum 2 moh.

Mål er på toppen av Svinestranda, som trass eit noko misvisande namn ligg 1074 meter over Nordfjorden. Denne løypa er svært spektakulær i partiet over Sandane, og totalt er den ca 8 km lang. Dei kjende motbakkeløparane Jon Tvedt og Øyvind Heiberg Sundby har begge gjeve løypa eit skussmål som ein av dei flottaste motbakketrasèane i landet.

Alle løpa har sjølvsagt si eiga premiering og profilering, som tidlegare. Men for dei som ønskjer å delta i karusellen, er det viktig å få med seg både Storehaugen og Hovlandsstøylen før ein også stiller på Svinestrandløpet.

Arrangørane har god tru på at dette samarbeidstiltaket kjem til å slå godt an mellom dei som deltek på slike løp. Dett er ein god sjanse for dei som gjerne ikkje oppnår førsteplassane og pengepremiane i dei enkelte løpa til å få seg ein samanlagtpremie.