Torleik Stegane

Kjenner seg mobba ut frå rektorstillinga

Torleik Stegane Torleik Steganehar vore i skulesystemet  i 42 år, 16 av desse som rektor ved Eikefjord skule. Han er skuffa over kommuneleiinga som han føler mobba han ut frå arbeidslivet. Han vel å seie frå og fortelje kva slags personalpolitikk ein kan verte utsett for i Flora kommune.

Torleik legg ikkje fingrane mellom for å karakterisere leiinga i kommunen.
– Å jage rektor frå jobben 1. april er skulefagleg uforsvarleg. Slikt greier berre folk som ikkje kan skule, som eller ikkje bryr seg spesielt om innhaldet i skulen, men er meir opptekne av å syne handlekrafta si så dei ein vakker dag kan hamne på sokkel i heimbyen.

No fryktar han at det kan drage så langt ut med fullføre rehabiliteringa og nybygg at ungdomsskuleelevane kan verte varig flytta til Florø. Han trur ikkje Terje Heggheim er ein gangs mann for Eikefjord. Når vi no har både rasfare og strålefare på ein gang skaffar han seg manøvreringsrom som han kan bruke til å trenere ei utbygging og ombygging av skulen.

Den formelle grunnen til at Torleik må gå av, er det store underskotet på drifta av skulen. 2,3 millionar kroner eller 16 prosent i 2010. Torleik sende mange mange meldingar gjennom dette året der han bad om å få justert rammene til skulen. Han varsla heile tida gjennnom dei månadlege rapportane. Sprekkane skuldast ekstraordinære tiltak der skulen måtte tilsetje fleire. Det handla om elevar som kom inn og trong ressursar og om å oppfylle krava til opplæringslova.
Torleik vil også minne om at dette er berre eit av sine 16 år som rektor. I nesten alle andre år har han lege godt på budsjett. I fjor var vi nesten i ballanse og i år har vi halde god kontroll.

Torleik fekk tilbud om to års full rektorlønn for å gå. – Dei kjøpte seg fri. Fasaden skulle sjå bra ut. Eg syns rådmannen har vist ei tarveleg form for personalpolitikk, seier Torlei til Firdaposten.

No skal Torleik gjere seg ferdig med å rydde kontoret, før han skal prøve seg som pensjonist. Arbeidsoppgavene er mange, han vil fråmleis vere litt med i mållaget eller kanskje finne ut kvar der har vorte av dei meir enn 800 elevane som har gått ut av skulen etter den vart oppretta.

Terje Heggheim ønskte ikkje å kommentere artikkelen i Firdaposten tirsdag, men ville vurdere å komme med eit tilsvar seinare.

Les meir i Firdaposten