Pål Anders Ullevålseter på Grov

Norges mest profilerte endurosyklist Pål Anders Ullevålseter var onsdag på Grov for å sjå på Flora motorsport sitt nykjøpt område på 560 mål. Han er norges første deltakar i det legendariske og farlege ørkenløpet Dakar Rally – der han for to år siden blei nummer to.
Han tilbaud han eg å bruke ein dag av påskeferien for å hjelpe motorentusiastane i gang med å stikke ei enkel enduroløype.

Enduro er rett og slett å køyre og bruke naturen som den er utan større inngrep enn å sage nokre tre og dekke over nokre steinar
– Fantastisk inspirasjon for oss. Han for som ein røyskatt. No føler eg at vi er mykje  nærare å få realisert noko, og så er han ein kjekk kar, som å snakke til som ein god nabo seier leiar Isabella Flister i Flora Motorklubb.
Det aller viktigaste er likevel å tenkje sikkerheit frå første stund, seier Ullevålseter til Firdaposten. – Eg hadde nok aldri stått her etter førti år på sykkel om eg ikkje hadde tenkt sikkerheit.

–Støyar langt mindre enn ein trur
– Naboar plar vere utruleg redde for støy. Her vert det viktig å fortelje kor lite støy det kjem frå ei slik motorbane, seier Ullevålseter. Han trur faktisk at folk vil verte forbausa når dei høyrer kor lite slike syklar bråkar.
Leiar Isabelle Flister i Flora Motorsportklubb fortel at klubben allereie har fått eit par skeptiske reaksjonar mot planane frå folk som er redde for støy.
– Somme trur også at vi kjem til å flate ut heile området. Slik vert det nok ikkje. Det er og i vår interesse at det skal sjå pent ut her. Målet vårt er å la mest muleg vere slik det er. Trea og skogen er og med på å dempe lyd. Første byggesteg, som gjeld endurobane vert det så å seie ingen inngrep her bortsett frå at vi må fylle ut for parkeringsplass og interne vegar.

Klare med syklar når godkjenning kjem
Isabella Flister trur dei i beste fall kan få godkjenning og komme i gang med endurokøyring i løpet av året.

Flora Motorsport klubb må ha ein godkjent reguleringsplan for bruken av det store området før dei kan sette i gang på alvor. Dei har varsla om at arbeidet med å omregulere området til motorsport har starta opp. Dei har allereie møtt visse innvendingar, mellom anna gjeld dette støy.
Klubben møter ekstra stor politisk velvilje lokalt etter dei fekk kjøpe området påandre sida av riksvegen ved Grovastøylen av Statsskog for 660 000 kroner. Sivilarkitekt Kjell Hareide har no skissert ein bruksplan og plassert inn alle slag aktivitetar Ja til og med dei som driv med RC, minikøyrety av både bil, båt og fly skal få sin plass.
– Noko av det første vi må gjere er å skaffe oss masse til parkeringsplass og litt interne vegar. Her må vi håpe at vi greier å skaffe oss sponsorar.
Den vidare utviklinga ser Flister for seg stegvis, der dei ulike interessegruppene får ansvar for sine område. Her har dei allereie sikra seg både god og familiær kontakt med Norges Motorsportforbund.

Les meir i Firdaposten tirsdag