Image

Kyrkja snart 200 år

Eikefjordkirka kyrkje vart bygd som langkyrkje og vigsla hausten 1813. I 1874 var den blitt for lita og ombygd til kross kyrkje.

I 2013 er det 200 års jubileum og ein vil gjerne at kyrkja framstår som det smykket den er. derfor er ein i gang med å få på plass snikkar og malar som kan få renovert kyrkja utvendig. Ein prøver å komme igang i mai for å sleppe å male om hausten.

Riksantikvaren har vore på synfaring og komme med retningslinjer  som bør følgjast. Ein har  fått tegna nytt ingangsparti, der ein søker å få utvida trappa og bislaget slik at ein får svingradius for rullestol og båretralle. sjølve inngangsdøra får ein ikkje endre.

Det er og søkt om å få lage ein rullestolrampe/sti som går over gravplassen og ut muren nesten oppe i hjørnet av parkeringsplassen. Parkeringsplassen vil bli utvida litt og det vil bli handicapparkering der.

Toalettet inne i kyrkja stettar ikkje kravet til universell utforming og ein har søkt om løyve til å sette opp eige bygg med toalett og bod.

Ein har ikkje fått svar frå biskopen og Riksantikvaren endå, men det vil bli purra på slik at ein kan få arbeidet ferdig før jubileet.