Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre er lite nøgd med svaret han fekk frå Olje og energiministeren om 420 kV linja forbi Storebru og Eikefjord nyleg.
Han ville vite om olje- og energiminister Ola Borten Moe ville sørgje for at strålingsfaren vert rekna ut frå full last på megalinja og at innbyggjarane vert orienterte om resultatet. Lødemel viste til uroa i bygda etter det overraskandevedtaket om linjeføringa,og redsla for at strålefarener rekna etter alt for låg last.
Avklaringa til Olje- og energidepartementet byggjer på at forskingsresultatet ikkje gir haldepunkt for å tru at det er ein samanheng mellom høgare mangetfeltbelasting i kortare
tidsrom og helseeffektar hosbarn eller vaksne.
«Eg kan derfor ikkje sjå at deter aktuelt å gjere ei berekning avmagnetfelt basert på maksimalstraumbelasting for traseenmellom Tonheim og Monskaret»,skriv olje og energiministeren idet skriftlege svaret til stortingsmannenfrå Sogn og Fjordane.
Ministeren viser til at det er Statensstrålevern som er ansvarlegefor retningslinjene for eksponeringfrå elektromagnetiske felt.Og at fagmynda legg til grunn atall eksponering frå elektromagnetiskefelt skal vere forsvarleg.Han konkluderer og med at detno er relativt god og avklarakunnskap om strålefaren.
– Eg ser ingen grunn til at ikkjefolk skal få vite den faktiske helsefarenved full last. Først vart detsagt at snittlasta skulle vere 1500MW så er talet justert opp til2500 MW. Eg spår at lasten vilverte endå høgare med alle deismåkraftplanane vi har her i fylket,seier Lødemel. Han har tungtfor å forstå kvifor ikkje styresmaktenekan gå ut med helsekonsekvensaneved maks last.
– Statens strålevern meinerhelsefaren er relativt liten?
– Her er det viktig at prosessaneskaper tiltru. Eg er einig i at einikkje skal skape meir frykt ennnødvendig. Men vi skal også harespekt for at folk kjenner segredde, svarer Lødemel.
Kilde: Firdaposten