No må dei ansvarlege på bana!

Senterpartiet sin minister Ola Borten Moe i OED prioriterer

1: friluftsliv,
2: turisme,
3; kulturminne;
4 inngrepsfrie områder,

framfor trygge oppvekstvilkår og levande bygder!

I tillegg peikar ein på at trasevalget dei har gjort, er bedre for; Fugl.

Eg må då spørre meg;

Kven skal ha glede av desse prioriterte områdene, når bygdene vert avfolka?
Korleis vil det verte for turismen, med gardar som ligg brakk, fordi OED v/senterpartistatsråd Ola Borten Moe vel å legge 420 kV linje gjennom levande bygder?

Når det gjeld stråling, peikar dei på Statens Strålevern.

Men kven er det som har ansvaret for å passe på at riktige verdiar vert lagt til grunn, når ein skal lage konsekvensvurdering. Bygger du ein fem felts motorveg, og du veit at trafikken vil verte så stor at ein i snitt nyttar tre felt, da kan ein ikkje lage ei konsekvensvurdering som tar føre seg trafikk på eit felt!?  

No må dei ansvarlege på bana!

Nina Liseth, 95152023