Departementet fekk ikkje protesten

Folk i Eikefjord i Flora er svært fortvila over at Olje- og energidepartementet før jul gjekk inn for at den nye store kraftlinja gjennom fylket skal gå like ved skulen i bygda. Dei har lenge protestert mot planane, og fekk støtte hos Flora bystyre.

Allereie i februar protesterte bystyret på dette trasévalet, men først halvanna månad seinare var vedtaket sendt til departementet, skriv Firda. Dermed vart vedtaket aldri kjent for departementet.

Intern glipp

– Frå kommunen si side kan eg berre beklage. Det må ha skjedd ein intern glipp som vi må komme til botnar i, sa varaordførar Jan Henrik Nygård, Venstre, som var til stades på allmøtet i Eikefjord.

Der var også Ap sin gruppeleiar, Bente Frøyen Steindal, som krev ekstraordinært formannskapsmøte om saka.

– Vi kan ikkje bruke tida på å snakke om kven som skulle gjort kva. No må vi stå saman om å finne ei løysing, sa Frøyen Steindal, for det hastar.

– Vi er tidsmessig komne på hælane i denne saka, og no hastar det, for dette kan verte ein tragedie for Eikefjord-samfunnet, sa Ole Anders Sunnarvik, leiar i Eikefjord grendelag.

Lokalt utval

– Folk er i sjokk og ganske forbanna. Kva er vitsen med alt arbeidet som er lagt ned, når lokalstyret blir overkøyrt på denne måten? spurde Lars Terje Standal.

– Når ting skjer i siste liten, er det ofte fordi vedtaket ikkje toler dagens lys, sa Jarle Storevik, som også representerer Ap i bystyret: – Det blir ikkje mykje att av Eikefjord viss dette trasévalet blir ståande, sa Storevik dystert, og oppsummerte med det folkemeininga i bygda, der innbyggjarane fryktar strålingsfaren som linja vil medføre.

Bjarte Liseth, Tor Helge Storvik og Lars Terje Standal blir bygda sine representantar i eit utval som skal prøve å endre kraftlinjevalet som OED har gjort.

Les meir i Firda og hos NRK S&Fj