Heidi Humlestøl Aasen (43) er tilsett som rektor ved Eikefjord skule og overtek etter Torleik Stegane som sluttar 1. april.
– Eg gler meg til å ta fatt. Eg ser på Eikefjord som ein stad i vekst og ei bygd med stor ståpåvilje. Skulen har gode ressursar som eg kan bruke. For min eigen del er det ein passe stor skule, seier Humlestøl Aasen til Firdaposten. Ho legg til at ho ser mange moglegheiter.
Den nye rektoren er utdanna både som førskulelærar og lærar. Ho har vore lærar på alle nivå i grunnskulen, dei siste åra på Flora ungdomsskule. Tidlegare har ho jobba på Askrova skule, på Rognaldsvåg skule og på Florø barneskole. Heidi Humlestøl Aasen har også vidareutdanning i spesialpedagogikk og engelsk. Ho held no på med leiarutdanning.
Fornying
I tillegg til å ta styringa på skulen vil den nye rektoren også få ei hand med på fornyinga av skulebygget i Eikefjord.
– Det er eit spennande arbeid eg ser fram til å få vere med på, seier ho til Firdaposten.
Les meir i Firdaposten torsdag