Torsdag kveld hadde idrettslaget sitt årsmøte i Klubbhuset. Utenom styret og gruppeledere var det berre 3 personer som hadde funne vegen til møtelokalet.
Silje F. Øren ønskte velkommen og fekk valgt Lars Terje Standal som møteleder. Han losa dei oppmøtte gjennom årsmeldingane til dei forskjellige gruppene. Ut frå desse meldingane kan ein lese om stor aktivitet, men berre fotballgruppa kan vise til prestasjoner helt på toppnivå. Joakim Knapstad har som kjen tatt steget opp i både nasjonal toppklasse som dommar. Han har også fått gleden av å debutere internasjonalt.
Regnaskapet til dei forskjellige gruppene blei også gjennomgått og godkjent.
Det var heller ikkje noko spenning i valget. Heile styret ville fortsette, men Silje F. Øren og Lars Terje Standal ville bytte roller. Lars Terje er dermed den nye leiaren i idrettslaget.