Håpar på utanbygds rektor

Tidlegare elev ved Eikefjord skule, Tor Henning Karlsen seier til Firdaposten at han håpar kommunen tilset rektor ved skulen som kjem frå utsida. Han har inntrykk at lærarar som har vore der i fleire år tek over som rådgiver og rektor. Det er veldig uheldig fordi dei ikkje stiller med friske auge. Ofte fører dei berre tidlegare problem med seg vidare.

Kommunalsjef Guri Langaas opplyser til Firdaposten at søknadsfristen er ute, men søkerlista er enno ikkje klar. Kommunen sitt mål er at best mogleg kvalifiserte rektor blir tilsett. Derfor er stillinga lyst ut både lokalt og nasjonalt.

Les meir i Firdaposten torsdag.