20120215-250-skulen004

Rassikring bak skulen

20120215-250-skulen004Arbeidet med rassikring bak skulen er komme godt igang. Treene som tidlegare voks på kanten av hammaren er rydda vekk og lause parti er merka. Lausmasse blir no gravd vekk for å gi plass til fundamentet for den 5 meter høge natursteinsmuren som skal byggast.
Det er mykje leire øverst ved skulen ved sida av garderoben og toalettene, så her må mykje køyrast vekk for å gi eit skikkeleg fundament.

Muren som skal byggast begynner ovanfor skulen og skal gå helt ned i bildekanten her. Den skal så fortsette med ein vinkel mot fotballbana.
20120215-525-skulen002

Om du ser godt etter øvert på hammaren kan du skimte nokre orange flekker. Dette er markeringer der det skal borast inn bolter. Her må arbeidarane fire seg ned i tau og bore vertikalt inn i fjellet. Det blir uten tvil ein luftig arbeidsplass samtidig som ein skal prøve å få arbeidet utført.
No når fjellet er renska ser ein godt lause blokker oppe i hammaren, godt det blir gjordt eit skikkeleg sikringsarbeid slik at ein for ettertida kan føle seg trygg når ein er bak skulen.
20120215-525-skulen007