Flora Arbeidarparti har fulgt opp vedtak på årsmøtet 8. februar, og oversendt brev til partileiinga i Arbeidarparti, der en ber dei følgje opp Olje og energidepartementet (OED) sitt trasèval for Statnett 420 kV- linja gjennom Flora Kommune.
Flora Arbeidarparti ber partileiinga i Arbeidarpartiet arbeide for å endre Olje og energidepartementet (OED) sitt vedtekne trasèval for Statnett 420 kV- linja gjennom Flora kommune.
Dei ulike framlegg til av trasèval for Statnett 420 kV-linja gjennom Sogn og Fjordane har vore grundig behandla på ein både god og demokratisk måte gjennom møter i dei enkelte lokalsamfunn, i kommunane, Fylkeskommunen og i Fylkestinget. Og deretter gjennom grundig behandling i NVE.
Etter at Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE), som er faginstans i slike saker, gav konsesjon for trasèen over Endestad – Svarthumle i 2009, har partar i saka ikkje høyrt noko meir frå Statnett, NVE eller OED om saka.
Denne trasèen over Endestad – Svarthumle er støtta av vedtak i Flora bystyre og Sogn og Fjordane Fylkesting. Vi reagerar difor sterk på at Olje og energidepartementet (OED) sitt trasèval for Statnett 420 kV- linja frå Tonheim- forbi Eikefjord – Storebru – Agledal avvik sterkt frå dette.
OED har her valt eit alternativ som var rekna som uaktuelt etter den prosess saka har hatt gjennom fleire år, og trasèen rammar no fleire av innbyggarane. Konsekvensen av OED sitt vedtak er at linja kjem nærare busetnad i Eikefjord. Dette sett i samanheng med at stråling frå linja berre er utgreidd ved låg kapasitetsutnytting har skapt uro i Eikefjord. Eit av uromomenta er om Eikefjord barne- og ungdomsskule vil ligge innanfor strålingssona ved full kapasitetsutnytting.
Vedtaket er stikk i strid med demokratiske spelereglar som vi elles forventar vert lagt til grunn for politisk arbeid.
Flora Arbeidarparti går imot OED sitt vedtekne traseval frå Tonheim – forbi Eikefjord – Storebru – Agledal og går inn for NVE sin konsesjonsgjevne trasé via Endestad – Svarthumle, da denne ligg lenger unna busetnad enn OED sitt vedtekne traséval.
Dette vedtaket frå OED må endrast og Flora Arbeidarparti ber partiet sentralt sørgje for at dette vert gjort.
Med helsing
Solveig Willis
Leiar – Flora Arbeiderparti