Ingen strålefare / føre var prinsippet

Etter at Eikefjord.net la ut informasjon om avstander til den nye kraftlinja gjennom bygda har diskusjonen om stråliingsfaren rasa i media. Ove Brattberg som er prosjektleiar for kraftlinja støtter seg til Statens Strålevern og hevder at det ikkje er strålefare med så stor avstand til kraftlinja.

Grendalagsleiar Anders Ola Sunnarvik og ordførar Bengt Solheim-Olsen meiner at dette er alt for lien avstand og vil ha linja lengre vekk. Leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane hevder at det er store problem å dokumentere kva som er farleg avstand og meiner ein bør følge føre var prinsippet. Skulen bør ligge 500 meter unna ei slik linje.

I følge kartet på fylkesatlas.no er det ca 280 meter frå gymsalen på skulen til 132 kv linja. Om ein legg til 30 meter vil avstanden til linja bli 310 meter. Denne avstanden vil ytterlegare bli lengre då kraftlinja ligg omtrent 100 meter over skulen. Ein er då oppe i omtrent 325 meter frå kraftlinja til skulen.

Eit anna moment som må takast med i betraktninga er at skulen ligg heilt oppe  under ein hammar. Dei elektromagnetiske bølgene det her er snakk om klarer til ein viss grad å komme rundt hindringer, men strålinga vil være langt mindre enn om ein hadde direkte utsyn til linja.

Kva som er fasiten på dette regnestykket vil ein få forskjellige svar på alt etter kva fagmiljø ein spør. Utbygger må ein rekne med følger dei normer som staten set og kjem dermed til å holde på fastlagt trase ovanfor Rasteplassen.

Det som er helt sikkert er som Statnett/NVE skriv i si utgreiing: «De visuelle virkninger vil få store, negative vikninger på landskapet i Eikefjord.»

Les meir i Firda onsdag og torsdag.