Rasvoll bak skulen

Mesta har fått jobben med rasvollen bak Eikefjord skule. Dei vil kanskje starte allereie i neste veke. Mesta venter berre på byggeløyve på den 115 meter lange og fem meter høge muren. Muren er dimmensjonert til å ta imot 40 kubikk store steinar og anna rusk som kan dette ned frå hammaren.

Det er antatt ei byggetid på seks månader og arbeidet skal gå føre seg på dagtid. Mesta skal likevel ta hensyn til skuledrifta.

Prosjektet har ei samla ramme på 4,5 mill kroner der 3,6 mill er støtte frå staten.

Les meir i Firdaposten torsdag.