Kraftlinja Ørskog Fardal, eit lesarinnlegg.

Relativt fersk i politikken, og med ei optimistisk og tillitsfull tilnærming til arbeidet det er å skulle delta i lokalpolitikken, har eg mykje å lære. At eg kommande år kjem til å oppleve nokre gleder i dette arbeidet, det håpar eg på, men at eg kjem til å få meg nokre på «trynet» som det heiter, ja det er eg viss på! Og eg har blitt advart, av minst 3 stk frå andre parti.

Vi møtte i bystyret den 08.11.2011 med mellom anna sak nr 110/11. Framlegget til vedtak gjekk ut på at en skulle velge linjetrase over fjellet fra Endestad østover til Moskog. Framlegget peika og på ein trase over Humlestøl som eit valg nummer to.

På møtet vart det lagt fram forslag til vedtak frå Larsen, AP som lydde nokolunde likt framlegget fra rådmann. Det kom og framlegg til vedtak frå Venstre sin representant Midtbø, om å velge traseen som gjekk over fjellet, men dei ville peike på traseen over Storebru som eit valg nummer to.

Det vart i debatten argumentert frå fleire om å velge traseen på Storebru, og etter ei pause og fleire innlegg tok eg ordet for å gje bystyret informasjon i saka.

Det vart argumentert at ein skulle verne urørt natur, og ta vare på det visuelle. Personleg ser eg på ei slik linje som infrastruktur, for meg er det visuelle langt mindre viktig, enn det faktum at familiar faktisk vert buande i grenseland for staten sine vurderingar av strålingsfare ved ei slik linje. Kva for familie med små barn vil leve godt i ein slik situasjon, der ein ikkje veit om ein kan ta skade av eit slikt annlegg? Det vil vere uholdbart for ei familie å bli buande i ein slik situasjon. Og når ein kjem akkurat utanfor grensa for staten sine vurderingar, så får ein vel ikkje økonomisk kompensasjon heller, om ein vel å flytte, så da opplevere ein både følelsesmessig og økonomisk tap ved eit slikt linjeval. Skal vi ta visuelle hensyn, men ikkje hensyn til dei familiane som bur i kommunen? For meg vert det feil.

Det vart stilt spørsmål frå Frp sin representant Djuvik om bystyret ville gå ned med flagget til tops, ved å velge å gå inn for linja over fjellet, noko som var meint ein ikkje kunne få statnett med på. For å svare på det så meinte eg at å stemme for det alternativet, var å gje klare signal om at dei to alternativa som var lagt fram, ikkje var å akseptere, nokon av dei! I begge tilfelle ville partar verte berørte, og i høve storebrutrasèen ville konsekvensane verte størst for busetnaden. Det er å velge mellom pest eller kolera.

Storebru ligg sentralt i høve arbeidsmarknaden i Florø og Førde, og vil vere eit potensielt vekstområde slik det ligg i dag. Vi har gode buss-samband med begge byane, og kort veg til næraste senter, Eikefjord. Sidan vi flytte hit i 2000 har innbyggartalet i bygda auka med 45 personar, fordelt mellom vaksne og born. Dette er viktig informasjon om kvifor ein ikkje skal legge ei linje som stoggar utvikling i kommunen, hit.

Høgre fekk formulert eit vedtak som peika på alternativet over fjellet, og ikkje noko alternativ to. Dette for å gje signal om at trasevala ikkje var å akseptere, nokon av dei. OG for å hindre at Midtbø fekk med seg fleirtal for alternativet som peika på Storebru som nummer to.

Arbeidarpartiet trakk sitt framlegg etter ei pause, og det endelege vedtaket hadde soleis betydeleg fleirtal.

At no vedtaket frå OED kjem, med valg av Storebru som trasè, gjer at eg som lokalpoitikar føler meg makteslaus. Bygder vert splitta og sett opp imot ein anna, og ikkje noko godt kjem uty av det til slutt heller! At dette valet gjer at mine sambygdingar kan tru eller meine at eg ikkje har gjort ein god nok jobb, er ikkje godt i det heile tatt. Men det må ein nok leve med, når ein stikker haue fram…..?

I ei ideell verd ville ein kapitalsterk nasjon som Noreg legge ei slik linje i kabel, og la menneskelege hensyn gå føre dei økonomiske. At ein kabel på sikt kunne vere tryggare og meir økonomisk enn skogkledde linjer, kan sikkert og diskuterast i desse tider.

Eg vonar utfallet i bygging av denne linja tilslutt kan vere leveleg for alle. Beste helsing Nina Liseth, Storebru