Kommunen, ved Steinar Furnes hadde i går møte med fleire grunneigarar som presenterte sine prosjekt. Det var full aktivitet heile dagen og mange positive signal.
Det vart presentert både store og mindre bustadprosjekt, både dei som har vore framme i media og andre. Dei store nye bustad prosjekta som blei presentert er frå båthavna og innover mot Indrebøen der tre grunneigarar opnar for boligbygging.
I morgon er det temadag og Steinar Furnes etterlyser fleir som vil være med i gruppene. Spesielt er det gruppene Bustadutvikling og Sentrum som treng fleire deltakarar, men også i dei andre gruppene er plass til fleire. Ring 48080550 og meld deg på, dette er interessant og viktig arbeid.
Folkemøtet i kveld blir lagt til Kafedelen pga kino.