11 ting du berre gjer på Eikefjorddagane
Du sit der med beina i vatnet på stranda i Eikefjorden. Over deg susar vinden svakt i stupebretta. Du kan ikkje kjenne at du har føtene i sjøen, det er like varmt som i lufta. Det er godt og varmt.
Det er dådu bestemmer deg. Du treng eit handklede. Du tek eit siste forfriskande neddykk i det våte element, for så å stige opp av sjøen på skjelsanda som ei forvirra havfrue og stikke dei sure føtene dine rett i sandalane. Vegen vidare går langs strandpromenaden i retning sentrum og vidare inn på butikken.
Der inne vert du møtt av ei svært så tiltrekkjande matlukt, så du set direkte kursen mot delikatesseavdelinga der kor ein får heimelaga mat av beste sort. I nokre altfor små Speedos står du der og spør ho stakkars underbetalte jenta bak disken om kva ho vil anbefale i dag. Alt dette medan bestemorlauget, sitjande på benken utanfor butikken, gret inni seg.