rita_eriksen

3. Gå på kyrkjekonsert med Rita Eriksen Trio

11 ting du berre gjer på Eikefjorddagane

rita_eriksen1966 var eit flott år. England vart verdsmeistrar i fotball, og Eric Cantona vart fødd berre sju og eit halvt steinkast i frå Stade Velodrome i Marseille.

John Lennon sa og dette året at The Beatles er større enn Jesus, noko som ikkje gjekk dei puritanske amerikanarane hus forbi.

Det beste av alt dette året var derimot at Rita Eriksen kom til verda.

For då kan nemleg heimfødingane inst i fjorden få oppleve både stemma hennar, og ikkje minst sjå ho i levande live på fredagen under Eikefjorddagane. Dette siste er heilt klart verd inngangspengane åleine i fylgje mange av den mannlege delen av befolkninga i bygda.

Så for å prøve å unngå gladvold og sjalusidrama i kyrkja denne fredagen, så har grendalaget bestemt at damene IKKJE får lov å ha korkje paraply eller harde gjenstandar med seg i veska.

Trykk her så kjem du til nr 4