Gjeldande kommunedelplanen for Eikefjord vart vedteken av Flora bystyre i 1999 og Kyrkjebukta blei vedteken i 2004.
Endra føresetnadane og mindre endringar av planen har kanskje ført til at både grunneigarar, utbyggarar og ålmenta er usikre på kva som kan og vil verte tillate i framtida. Det er difor behov for ein ny planprosess for å drøfte og få ei sameint forståing for korleis Eikefjord skal utvikle seg i framtida.
Kommunen deltek også i arbeidet der ein ser for seg Sunnfjord som eit vekstområde i aksen Førde-Florø. I tillegg blir det arbeidd med Kystvegen der ein ønsker å styrke kommunikasjonen på kysten for å styrke samhandling mellom vekstområda i kystkommunane. Som eit ledd i dette er også 45-minuttregionen.
Det kan difor også vere viktig å til dels å ha eit regionalt perspektiv på planarbeidet med kommunedelplanen for Eikefjord. Ein større felles bu- og arbeidsmarknad vil mellom kunne gjere Eikefjord til eit attraktivt buområde til dømes for familiar med arbeidsplass også i nabokommunane.
Kartet viser planområdet med raude avgrensingsliner med dei areala som skal inngå i vurderingar og planarbeid ved revisjon av kommunedelplanen. Området er noko justert i høve til gjeldande plan som på kartet er vist med formålsfarge.
Justeringa er gjort særleg i søre del av planområdet. Bakgrunnen for denne justeringa er mellom anna lokale ønskjer om å vurdere Lyngneset som potensielt utviklingsområde for framtidige bustader.
Politiske mål for utviklinga i Eikefjord
1. Styrke Eikefjord sin posisjon som lokalsenter ved at det arealmessig vert tilrettelagt for etablering av tenester.
2. Eit variert tilbod av attraktive natur- og friluftsområde.
3. Variert butilbod for folk i ulike livsfasar og med ulike ønskjer og behov.
4. Attraktive buområde med god tilgang på leike- og rekreasjonsområde
5. Attraktivt og levande tettstad med eit godt bygningsmiljø og eit godt tenestetilbod.
6. Lave samsfunnskostnader for investeringar og drift av infrastruktur som skular,barnehagar, kollektivtransport, vegar, vatn, avløp, mv.
I forslaget til planprogram vert det ikkje lagt opp vesentleg endringar i dei politiske måla for Eikefjord si framtid.
Problemstillingar og hovudspørsmål som planen skal avklare.
- Lokalisering av attraktive bustadområde.
- Utviklingsstrategiar for bustadutvikling
- Lokalisering/utviding av næringsarealet på Nesjane.
- Utviklingsstrategiar for utviding av næringsarealet på Nesjane.
- Utvikling av sentrumsområdet.
Organisering og medverknad
Det er viktig at politikarane og innbyggarane får ta del i planarbeidet og får et eigarskap til sluttresultatet. Lokalsamfunnet med grendelag, næringsliv, lag og organisasjoner skal innvolverast primært i ei plansmie tidleg på hausten 2011.
Framdrifsplan
Heile planprogrammet kan du lese hos Flora kommune