Bilete frå ulike avslutningar ved skulen!

Veka før skuleslutt var prega av øving, song dans og drama. Onsdag kveld inviterte ungdomssteget til sommarkonsert i Allhuset. Kring 120 vaksne og born hadde funne vegen, og godorda var mange. Dette vart ei flott oppleving for både aktørar og publikum.

Dagen etter hadde 5.-7. klasse felles avslutning for elevar og lærarar i gymsalen. Alle klassane framførte kvar sine innslag. Her var det både song, rap og skodespel på engelsk.

Les meir og sjå bilete på heimesida til Eikefjord barne- og ungdomsskule