Ein enkel tur frå Førde til Vesterålen viste seg etter litt «Coachsurfing» å bli ein internasjonal happening med 70 påmelde frå 30 land. Starten er flytta til Miljøstranda og alle er invitert til å delta på bli kjent treffet søndag 19/6 kl 17-21.
Kjell Magne Stubhaug som berre skulle hjelpe ei venninne med tur til Vesterålen har plutselig fått eit heilt arrangement i fanget. Dette skal være eit upolitisk, men med eit enkelt bodskap: Vennskap mellom personer gjev grunnlag for fred.
På turen nordover som skal ta 4-5 dager skal dei dele ut kort frå alle 30 land med fredsbudskap. Dei vil også dele ut «free hugs» – klem ein framand – ei rørsle som vart starta i Australia i 2004.
På veg mot Miljøstranda kjem ein buss frå Hellas. Denne starta 4. mai og har kryssa seg gjennom Europa for å plukke opp passasjerer til turen. På stranda stiller Grendalaget med open kiosk, fyr på grillen og eventuelt telt om veiret skulle bli litt ruskete.