Tysdag 10. mai stilte 45 friske ungar på idrettsanlegget for å vere med i årets utgåve av Eikefjordkarusellen. Veret var fint, og frammøtte vaksne stilte hjelpsamt opp, slik at stemnet kunne avviklast nokolunde kjapt og greitt. Likevel vart det for hektisk mot slutten då 300 meteren stod for tur samstundes som klokka skunda seg det ho kunne mot 19.00 og Storforeldremøte på skulen. Jentene sitt 300 m-heat vart ein fin liten bukett med seks-sju unge damer. Dei vart feilfritt klokka inn i rett rekkjefølgje og med full kontroll på tider og plassering i feltet.
Langt verre var det då gutane vart ropt til start. Fleire og fleire fekk lyst til å springe, og startaren var ein optimist i tidsnaud. Det er veldig enkelt å sende bortimot 25 løparar avgarde frå start i eitt heat i eit slikt løp. Det er veldig mykje vanskelegare å få dei klokka inn i rett rekkjefølgje når panikken tek funksjonæren slik at han ikkje rekk å bruke andre hjelpemiddel enn stoppeklokke og papir og blyant.
Slik gjekk det til at resultatlista på 300 m for gutane vart nokså mangelfull. Dei sprang så fort og kom i mål så tett at ………
Men tysdag 24. mai er det Eikefjordkarusell igjen, då prøver vi igjen. Det ville vere veldig kjekt om det kom like mange eller endå fleire då.