Nytt draktsett frå Sparebanken

Sparebanken Sogn og Fjordane har i mange år vore ein stor bidragsytar til idretten i Sogn og Fjordane. Banken er hovudsamarbeidspartnar til Sogn og Fjordane Fotballkrets, og målsettinga med samarbeidet er å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet. Det blir ofte fokusert på eliteidrett, men Sparebanken Sogn og Fjordane er også sitt ansvar bevisst i forhold til barn og breiddeidrett i Sogn og Fjordane. Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane FK har kvar vår sidan i 2007 delt ut gratis drakter til minifotballen (6-10 år). I år er det delt ut 29 sett til ein verdi på 125 000 kroner.

Les pressemelding frå Sparebanken