Image

Skifest på Allhuset

ImageSøndags ettermiddag arrangerte skigruppa fest på Allhuset. Mykje folk hadde funne vegen så det var helt fullt ved alle bord og i alle krokar. Skigruppa diska opp med mykje kaker og kaffi, så her var det berre å sette seg ned og nyte ettermiddagen.

Det store høgdepunktet var premieutdelinga for forige sesong, her representert av dei aller minste. Det var totalt 290 forskjellige som var påmelde i skirenn på Humlestøylen forige sesong, i tillegg var det mange som berre var oppom for å ta seg ein tur gjennom løypene på egenhånd. Det største skirennet var det heile 190 deltakarar.
ImageI varmestova på Humlestøl er det lagt ut bok der alle kan skrive seg inn, på skifesten vart Rune Horgen trekt ut som vinnar frå denne boka. Han fekk eit fint fat med trimmerke i premie.
Oddmund Humlestøl fekk den aller gjevaste prisen. Han har tatt skimerke i 50 år og for den prestasjonen fekk han den høgaste utmerkelsen ein kan få innan skitrim – eit kjempefint fat.
Terminlista for neste sesong er alt klar og bli utdelt på festen. Den blir snart tilgjengeleg på eikefjord.net også under skiløparen som kjem på framsida.