Statnett har bestemt traseen for 420 kV linja frå Grov og innover forbi Eikefjord, Knapstad og Storebru. Dei har flytta linja 20-30 meter lengre frå busetnaden forbi Eikefjord og Knapstad, men ikkje funne plass til endringar på Storebru.
Landmålarar og masteprosjektørar har gått heile traseen frå Tonheim og innover og funne dei beste plassane for mastene. Det har reint teknisk vore vanskeleg å få til andre plasseringar av mastepunktene på grunn av liten plass mellon den bratte fjellsida og dagens 132 kV linje.
Eikefjordingane har ikkje tenkt å gje opp kampen om å få flytte linja lengre opp i lia, seier Grendalagsleiar Anders Ola Sunnarvik til Firdaposten. Mellom anna ventar vi på resultatet av klagen vi har inne saman med Ålfoten til ombudsmannen.
Ordførar Bengt Solheim-Olsen har hatt ein aktiv sommar brevskrivar. Han har forsøkt i alle instansar å få hjelp til å flytte linja, utan at det ser ut til å hjelpe.
Statnett held seg til vedtaket til energiminister Ola Borten Moe. Ei eventuell flytting må initieres av myndighetene og vi konstaterer at nokon slik beskjed ikkje er tildelt Statnett.
Les meir i Firdaposten lørdag.