År: 2012

  • -Stem på niesa mi som årets Lano Unge!

    -Stem på niesa mi som årets Lano Unge!

    Eikefjordingen Astrid Marie kandidat til Lano Ungen 2012! Mora til Astrid Marie heiter Jannicke Solheim og kjem i frå Langedalen.  Onkelen er ingen ringare Sondre Solheim Langedal, og han vil veldig gjerne at ein stemmer på Astrid Marie. Stem her!

  • Programm ED 2012

    Her er programmet for Eikefjorddagane 2012.NB! Gudstjenesta søndag er flytta til Miljøstranda kl 11.00

  • DUGNAD Eikefjorddagane 2012

    Det er den tida på året att: denne veka samlast vi ved gamle ICA i Eikefjord sentrum for å gjere oss klare til EIKEFJORDDAGANE 2012! TID: TYSDAG 14.08, ONSDAG 15.08, TORSDAG 16.08, alle dagar kl. 18:00 – 21:00 Her er nok arbeid til alle, så kom og bli med på DUGNAD!!! Det vert lett servering…

  • Ulovleg bossdumping ved Storebru

    Firdaposten har fått melding om ulovleg bossdumping i eit skogsområde ved Storebru. Møblar, rivingsmateriell, diverse jordbruksutstyr og kadaver låg om ein annan. Heidi Dyrøy i Flora kommune ser alvorleg på saka og vil i første omgang skrive til grunneigaren og be han rydde opp. Dersom han er uvillig til dette kan kommunen skrive ut tvangsmulkt.…

  • Trekning av fjellbøker.

    Det nærmer seg Eikefjord Dagane 2012, og i den anledning trekker EIL ut heldige personer som har nytta seg av dei flotte fjelltoppane vi har i vårt nærmiljø. I år trekker vi ut bøker frå Blånipa, Strandanipa og Nipevatn. Ein person frå kvar nipetopp vert trekt ut. I tillegg trekker vi ut 2 barn t.o.m…

  • Jubileumskonsert med Koriander under ED!

    Kunne du tenke deg å starte dagen med å ete frukost i Amerika, ta middagen i England, for så å runde dei heile av med tradisjonsrik kveldsmat i gamlelandet? I år har du sjansen til å la draumen gå i oppfylling. 17. august dukar Koriander bordet i Eikefjord kyrkje og seier: Kom, sjå, høyr og…

  • EIKE

    EIKE

    Eike er endå på tur i skogen og leiter etter eikenøtter, men er observert nær Eikefjord sentrum. Vi får håpe og tru at EIKE finn fram til Eikefjorddagane 17. – 19. august. Du finn vel fram du også.

  • Trekkjer seg som trenar

    Usemje om ein keeperavtale mellom EIL og FSK gjer at Per Øyvind Sørbø trekkjer seg som trenar for Florø sitt damelag.Leiar i fotballgruppa Per Øyvind Sørbø er lite fornøgd med korleis Florø gjekk fram då dei ville behalde ein keeper dei lånte frå Eikefjord og valde å trekkje seg som trenar for Florø sitt damelag.…

  • Velkomen til Solheimsløpet 2013 i morgon laurdag kl 19.00

    Fylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar i vakker natur. Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med både lensmann og sauedrift, postkasse og eiga TV-antenne for Riks TV. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola…

  • Hoppbakke K8

    Hoppbakke K8

    Dette var også ein svært populær aktivitet på Eikefjord Dagane 2011. I år kjem Skiforbundet S&F med heilt ny og eigen hoppbakke som er blitt sponsa av SFE. Den bli plassert på området for barneaktivitetar på marka bak ICA bygget.