År: 2012

  • Spreke elevar ved skulen!

    Spreke elevar ved skulen!

    Måndag arrangerte ungdomssteget ved skulen fjelltur for elevane. Dei kunne velje ulike turar og denne gjengen her hadde lengst veg til målet. 19 elevar tok turen til Blånipa (1021 moh). 

  • Evalueringsmøte etter Eikefjorddagane 2012

    Torsdag 30.08.12 kl. 20:00 er lag og organisasjonar invitert til Allhuset for å evaluere Eikefjorddagane 2012. Dette møtet er ope for alle – så har du noko du vil melde attende til Grendalaget etter arrangementet, er smekkfull av ein god ide eller to, eller berre vil vere med, er du hjarteleg velkomen!!!

  • Eikefjord´s Palekaker

    Mange har ynskt seg oppskrifta på palekakene som vart presentert på Eikefjorddagane. Her kjem ei helsing frå Ole Jonny Eikefjord med svar til fiskesvoltne:

  • Barnekor

    Onsdag 5 september kl 19.00 startar vi opp med barnekor i Eikefjord kyrkje. Vil du vere med? Rett etter «Sprell levande», for dei som er mellom 8 og 12 år. Barnekoret vil sjølvsagt synge og elles ha bibelforteljing og leik på programmet. Velkomen.

  • Møte i skulemusikken

    Torsdag 30/8 begynner eit nytt semester i Eikefjord Skulemusikk. Semesteret starter med møte kl 18.00 på Eikefjord Skule der musikanter og foresatte kan komme. Informasjon om situasjonen til korpset idag – vi har få musikanter.Opent for andre foresatte om dei har barn som er interesserte i korpsmusikk. Håper på storet oppmøte.Helsing styret i Eikefjord Skulemusikk

  • Eikefjord vant

    Allereie etter 1 minutt tok eikefjordingane leiinga 1-0 med mål av Marius Hovland. Ein god og ein svak omgang av heimelaget gjorde at kampen vart meir spanande enn naudsynt. Til pause vart stillinga 3-0 til heimelaget. I den andre omgangen heva Stryn2 seg mange hakk, samstundes som tangotrøyene leverte kvalitet langt under pari. 2 mål…

  • Trimbua igang

    Trimbua igang

    Idag mandag starter aktivitetane på Trimbua opp igjen. På spinning, step og pilatestreninga må ein melde seg på via linken til høgre. På sirkeltreninga er det berre å møte opp i Gymsalen på skulen (starter 4.september). Vel møtt til ein ny treningssesong.

  • TAKK!!!

    Vel blåst for ei fantasisk helg med dei tiande Eikefjorddagane! Dagane har utvikla seg veldig positivt gjennom desse 10. åra, og er særs viktig for den framtidige utviklinga og marknadsføringa av Eikefjord. Styret vil takke alle som har gitt sitt bidrag gjennom dugnad og anna stønad for at arrangementet blir ein suksess år etter år! Ei stor…

  • Eikefjord på langs 2012

    Eikefjord idrettslag – friidrettsgruppa, inviterar til: » Ut på tur i Eikefjord fjella « Gå langrute eller familieruta innan 1.november. Kjøp klippe/deltakarkort hjå Spar Eikefjord eller André Høyset. Familierute: (start Eurorasteplassen) Knapstadstølen, Eikefjordstølen, Hovlandstølen. Langdistanserute: (start Eurorasteplassen eller Tonheimsstranda v/ RV5 rett sør for Strandanipa) Strandastølen, Strandanipa, Flatenipa, Nipevatnet, Hovlandstølen, Eikefjordstølen, Knapstadstølen.

  • EIL friidrett tilbyr gratis busstransport og deltaking til Floraleikane runde 3 – 29.august

    EIL friidrett tilbyr gratis busstransport og deltaking til Floraleikane runde 3 – 29.august Dette gjelder for årsklassane fom1996 – tom 2003. Øvingar: 60 meter, kule, lengde og 400 meter på Florø stadion.