-
·
Seier over Loen
Eikefjord sitt unge A-lag starta litt famlande, og Loen fekk nokre småsjansar på dei ti første minutta. Men så fekk Eikefjord eit tidleg mål etter 17 spelte minutt, og enda to mål til før kvilen. Etter kvilen laga tangotrøyene ytterlegare to mål, medan Loen fekk eit mål på straffespark. Resultatet til slutt vart 1-5 til…
-
·
Konsert i Kyrkja tirsdag kl 19.00
Eikefjord Skulemusikk har gleda av å invtere til konsert med Florø Hornmusikk, i Eikefjord Kyrkje tysdag klokka 1900. Florø Hornmusikk vil spele smakebitar frå årets reportuar, alt frå konkurransestykker, til marsjar og sarte salmar. Dirigent er Jason Burn. Inntekta går til drift av korpset, og vi håpar de vil nytte høvet til ei kulturell oppleving i vårkvelden. Helsing…
-
·
Eikefjordkarusellen 2011 2. runde
Etter dagar med regn og kulde var der likevel nokre som våga seg med på andre runde av Eikefjordkarusellen sist tysdag. Nokre vaksne og 23 unge vart løna med nokre timar opplett og glimt av sol medan dei sprang og kasta kule. Tysdag 31.05. er det klart for 3. runde av karusellen kl. 17.30. Startpengar…
-
·
Resultatlister 1. runde Eikefjordkarusellen
Fyrste runde i Eikefjordkarusellen vart arrangert i sommarsol 10.05.2011. Følgjande finn de resultatlistene:
-

·
Årelaget med nettside
Eikefjord Årelag fortel i introen at det er laget for dei gode stunder med bølgjeskvulp langs båtsida, lett knirk av årar mot vætte keipar. Dei rolege stunder langs landskuggen i skumringstimen med ein annan sin rygg i takt med dine åretak. Ein lett prat med ryggen framføre deg, medan vi kviler på årane og søkjer…
-
·
Undersøkte rasfaren
Onsdag var to geologar frå Norges Geotekniske Institutt på plass for å gjere undersøkingar av rasfaren i hammaren bak Skulen. Synfaringa skal resultere i ein endeleg rapport som vil konkludere kva som trengst av rassikring.
-
·
Utan førarkort på uregistrert traktor
Politiet stoppa ein uregistrert traktor på rv. 5 ved Grov. Førar hadde ikkje førarkort. Det er oppretta sak og denne vert vidare etterforska av Flora politistasjon, melder politiet.
-
·
Konfirmantmøte
Nytt klokkeslett for konfirmantmøte. Informasjonsmøtet tirsdag 31.mai om eit nytt konfirmantår 2011/2012 for konfirmantar og foreldre/foresatte vert kl.2000 og ikkje som annonsert kl.1930. Det skyldes korpskonserten i kyrkja same kveld. Helsing Dag Leirvik
-
·
In-spire’asjons nytt
In-spire har hatt fast Hobbykved den siste torsdagen kvar månad. På hobbykveldane held vi ope til 2200 og har enkel servering. Da vi no forhåpentlegvis går lysare tider i møte, og folk velger andre sysler enn å sitte inne, vert det pause i Hobbykveldane fram til våren. Tidspunkt for ny Hobbykveld vil komme då.
-

·
Sikrare skuleveg
Hammaren på veg frå skulen til Hovland har vore omtalt fleire ganger på Eikefjord.net. Denne hammaren har i alle år vore utsatt for ising om vinteren med tilhøyrande ras utover våren. Tirsdag var Mesta på plass og renska hammaren for lause steinar. Vi har fått ned alt som er laust oppe i skjæringa seier den…