År: 2010

  • Storstemning i konvoyen 2010

    Storstemning i konvoyen 2010

    Sjølv om enkelte meinte det var feil å legge Veikingkonvoyen til Eikefjord var det stor stemning og mange smil å sjå på sjøsida lørdags ettermiddag og til langt på natt.Med smilet på lur og ei fantastisk fiskesuppe er denne karen ein av dei typiske veikingane som inntok Eikefjord denne dagen.

  • Fotballbana får toppkarakter

    Fotballbana på stadion får som vanleg toppkarakter etter Branntreninga på fredag. Både spelarar og trenarar skryt av anlegget. Som å spele på eit golvteppe seier trenar Rune Skarsfjord til Firdaposten. Det blir neppe siste gang Brann besøker distriktet for å sveise laget tettare saman til haustsesongen.Les meir i Firdaposten og sjå bilder her

  • Årets kamp

    Årets kamp

    Endeleg toppfotball i Sunnfjord. Støtt opp om Toppfotball Sunnfjord sin storsatsing, overskuddet går tilbake til den lokale fotballen og i år går også kiosksalg overskuddet til Eikefjord IL. Les meir hos Eikefjord-fotball

  • Konvoyen på plass

    Konvoyen på plass

    I dag er den store dagen for Veikefjord. Konvoyen stevna inn fjorden i halv tre tida og det blei fort fullt langs flytebryggene som er lagt ut i høve Veikingkonvoyen.Tradisjonen tro var det ein solid robåt som var velkomskomite. Trygt plassert ute ved Nesjane ønskte Xoen konvoyen velkommen inn fjorden.

  • Sognadal trening på stadion

    Sogndal trener idag lørdag 26/6 kl 12 på stadion.

  • Dugnad i samband med Veikingkonvoien

    Dugnad i samband med Veikingkonvoien

    I går var det dugnad i samband med Veikingkonvoien. Her kjem litt bilder:

  • Opphørssalg på blomsterbutikken

    Frå lørdags morgon starter opphørssalg på blomsterbutikken. Det blir mellom 50 og 70 % rabatt både på varer og diverse innventar.Eventuelle gavekort må benyttast før butikken stenger dørene for godt.Dersom det er behov vil opningstida lørdag bli utvida.

  • Brann på grasbana

    Brann på grasbana

    Brann hadde i dag ei treningsøkt på grasbana. Under ny trener er det mykje ballspel på treningane så treninga bestod av balløkter avbrote av korte samlingar med peptalk. Tidlegare  på dagen har laget også trena styrketrening, men det er ikkje meir enn ein til to dager i veka laget har to økter. På tribuna og…

  • Veteranbiler i sentrum

    Veteranbiler i sentrum

    Lørdag stoppa Firdaløpet i Eikefjord og veteranbilane var parkerte ved Langedalsbutikken og ved Allhuset. Mange hadde tatt turen til sentrum for å nyte desse gamle doningane. Nedanfor kan du nyte alle veteranbilane som besøkte Eikefjord denne ettermiddagen.

  • Branntrening på stadion

    Toppfotball Sunnfjord arrangerer denne helga treningsleir for Brann. I morgon kl 14 har Brann trening på stadion, så her har alle ein sjanse til å sjå kva som krevs for å spele i tippeligaen. Seinare på kvelden er det sosial samling for Brann med mat og underhaldning. Les meir i Firdaposten torsdag. NB! Treninga er…