-
·
Får kjeft for å gjere jobben sin
Prosjektkomiteen for Eikefjord skule har lagt fram eit budsjett som er på nesten 100 mill for rehabilitering og utbygging av skulen. Tidlegare er det lagt fram budsjett på 72 mill som politikarane var fornøgde med. I det budsjettet mangla innventar og andre store kostnader som ville komme til uansett.Bystyrerepresentant Jan Arve Midtbø, Venstre reagerer sterkt…
-
·
EIKE TUR
Søndag 28.10 kl 13.00 vert det endeleg ny Eiketur. Vi går frå Brekka på Knapstad og innover til Storebru.Vi føl gamlevegen innover.Ruta går på brei skogssti ( barnevogn går greit),og vidare på grusveg. Det vert bålkos ved elvebreidda, så hugs pølser eller noko anna godt som kan høve som enkel søndagsmiddag:) Vi håpar på nydeleg…
-
·
Bingo
Minner om Bingo Fredag 26.10 kl 19.30 på Samlingsheimen, Storebru. VEL MØTT.
-
·
Grendalaget med ønskeliste
Grendalaget har forfatta skriftlege krav til Flora kommune som skal overleverast i møte mellom grendalag og politisk leiing i kommunen onsdag 24. okt. 2012. Mobildekninga i spesielt område Sørgardfeltet og Sunnarvik er veldig dårleg, Nesjane Industriområde bør utnyttast betre og til slutt betre og meir trafikksikre gang- og sykkelvegar i bygda. Les meir i Firdaposten
-

·
Fotballfest aldersfastlagd i morgon onsdag 24 okt
Fotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde laga på Allhuset i morgon onsdag 24. oktober kl 18.00-20.00. Festen er open for alle, så spelarane må ta med seg familie, slekt og vener!
-
·
Skifest
Det blir Skifest i Alhuset Søndag 11. November kl. 1400 Det vert servert kaffi/brus og kaker. Premieutdeling og loddsalg. Inngangsbillett 20,- Skigruppa.
-

·
Årsfesten for idrettslaget
Årsfesten for idrettslaget laurdag 27. oktober nærmar seg med stormskritt. Du kan melde deg på til Janne Tonheim på jabeto@hotmail.no eller til Hanne Sølvi på 991 61 361 . No er det meldt på over 70 stk til maten, så dei som vil ha nydeleg tapas må melde seg på no før det vert fullbooka. Etter kl…
-
·
Står på for skulen
Sentrale personer for den nye skulen i Eikefjord var onsdag på synfaringa på Luster Ungdomsskule. Dette var eit informativt og nyttig møte der rektur Odd Bukve og vaktmeister Ole Magne Leirdal frå ungdomsskulen i Luster var med. Det vil bli informert om dette ved seinare høve. På bilde: Ole Magne Leirdal/vaktmeister Luster ungdomsskule, Jegathesan Jeikishan/prosjektleiar bygg…
-
·
ALLMØTE OM EIKEFJORDDAGANE 2013
Kallar med dette inn til organisasjonsmøte i høve eventuelt arrangement av Eikefjorddagane 2013 torsdag 08.11.12 kl 20:00 på Allhuset i Eikefjord. Eventuell struktur og organisering av arrangementet vil vere einaste sak på agendaen. Lett servering. Møtet er ope for alle!
-
·
Konsert i Allhuset lørdag
Eikefjord Skulemusikk inviterer saman med Florø Skoles Musikkorps til konsert i Allhuset kommande lørdag 20, Kl. 16.00. Oktober er det duka for ein musikalsk oppleving for både store og små! Håper dykk tek turen til Allhuset denne ettermiddagen Mvh styret i Eikefjord Skulemusikk