• Eit godt møte for Eikefjord

    Begge dei store prosjekta i Eikefjord gjekk gjennom bystyret. Heile barnehageutbygginga på 8,6 millioner og skuleutbygginga med ei innvestering på 25 millioner tar ca halvdelen av frie innvesteringar neste år. Derned har Høgre komme eit godt stykke på vegen for å oppfylle dei lovnadane dei kom med før valget Les meir om budsjettmøtet i Firdaposten

  • Mopedist av vegen

    Politi og ambulanse vart kalla ut etter at førar av mopel, ein mann i 50 åra, køyrde av vegen på FV 542 mellom Eikefjord og Stavang torsdags kveld. Han var skada og klagde over smerte i kroppen. Førar vart køyrt til sjukehuset i Førde der det vart tatt blodprøve av førar.

  • Adventsstund i kyrkja

    Velkomen til adventsstund i kyrkja onsdag 11 desember kl 20.00.Vi gjer oss litt kjent med den nye salmeboka og syng advents- og julesongar.

  • Jul i Skarestova

    Vinn premie nesten kvar dag i fotballen sin julekalender. Elles kan du lese om Kristine Nybø som laga mål på Statoil Regionsamling i Bergen i helga. Les meir på www.eikefjord-fotball.no

  • Brøytebilen utfor vegen

    Brøytebilen utfor vegen

    Brøytebilen til Per Bortheim Transport køyrde utfor vegen i Svarthumla fredag, bilen stod inntil fjellveggen nokre hundre meter vest for Naustdalstunnelen. Den var ikkje til direkte hinder for trafikken. Det var snøfall, men forsåvidt gode kjøreforhold på staden, sa ein trafikant til BT. Per Bortheim Transport har brøytekontrakt på Rv5 på strekninga inn til Svarthumle…

  • Vi vil gjerne In-spire’re deg 🙂

    Hei alle gode 🙂 Endelig kom julesnøen vil nokon seie, sjølv om ikkje alle klappar i hendene over snømåking og vedfyring, så kosar iallefall mange ungar seg ute med skigåing og aking, og får raude friske roser i kjakane 🙂 I morgon arrangere In-spire og Eikefjord Aktivitetsgard, Borna sin dag, eit fellesprosjekt med gardsbesøk på…

  • Innkøyring til skulen sitt område

    På forrige FAU møte på skulen vart det diskutert problemstillinga kring trygg ferdsel for elevar og tilsette, og tilkomst til skulen. Foreldrearbeidsutvalet vil be alle brukara av skulen om å respektere skiltet om innkøyring forbudt. Dette forbudet gjeld heile døgnet,  og det er for at borna og ungdommane våre skal ferdast trygt på skulen. Skiltet har…

  • Mistanke om promille

    Politiet mottok melding kl 1918 om ein bil som køyrde vinglete og hadde vore i grøfta. Personbilen kolliderte med midtrabatten i krysset RV 5 og FV 614 ved Grov. Det var ingen personskade, men bilen fekk materielle skader. Føraren ein mann i  30 åra, vart tatt med til blodprøvetaking. Sak er oppretta av Flora politistasjon.

  • Nye fotoboksar i Naustdalstunellen

    Måndag starta arbeidet med å montere opp to nye fartsboksar i Naustdalstunnelen. Dei reisande har hatt opp til ein halv times ventetid for å følge ledebil gjennom tunellen. Boksane fungerer på same måten som dei gamle fotoboksane. Vegvesenet har foreløpig ikkje planar om å installere utstyr for måling av gjennomsnittsfart i Naustdalstunnelen.

  • Julemiddag på Søndag

    Det nærmar seg jul og tradisjon med familiejulemiddag på Samlingsheimen vert holdt Søndag 8.desember kl 14.00. Nydeleg juletallerken med ribbe,pinnekjøtt,pølse med tilbehør og heimelaga riskrem og karamellpudding til dessert.