-
·
Vil stenge skianlegget
Kjell Humlestøl er så oppgitt over vedtaket i bystyret at han vil stengje av store delar av skilanlegget på Humlestøl med kampesteinar.– Eg kjem til å setje opp fysiske stengslar og nekte all motorisert ferdsel, seier Kjell Humlestøl i Firdaposten torsdag. Utspelet kjem etter det siste vedtaket i bystyret om traseen for 420-kV-kraftlinja forbi eigedommen…
-
·
Sommerkonsert på Allhuset
Ungdomsteget ved Eikefjord Barne og Ungdomskule inviterte til konsert for foreldre og venner på onsdag. Songar av Beatles , De Lillos, Bryan Adams og Michael Jackson var berre noko av det som stod på programmet til Sommerkonserten. Både dans og solo på trekkspel gjorde at det verkeleg vart liv i publikum denne kvelden. Inspektør på…
-
·
Jonsokfeiring i Eikefjord
på Allhuset torsdag 23. juni frå kl. 17.00 Sal av rømmegraut, kaffi, kaker, hamburger, pølse m/ brød og brus. Lynlotteri. Kl. 18.00: Tog og brudepar og spelemann med hest og kjerre. Kl. 19.30: Tenning av bål ved Miljøstranda. Storgrill blir tent. Sal av grilla pølser, chips, brus og kaffi. Alle er hjarteleg…
-
·
Love & Peace frå Miljøstranda
Ein enkel tur frå Førde til Vesterålen viste seg etter litt «Coachsurfing» å bli ein internasjonal happening med 70 påmelde frå 30 land. Starten er flytta til Miljøstranda og alle er invitert til å delta på bli kjent treffet søndag 19/6 kl 17-21.
-
·
Instruktørene på TrimBua tar ferie!
Fra kommende mandag 20. juni er de timene med instruktør avsluttet for sommeren. Det vil likevel være enkelte timer som blir lagt ut – så følg med! TrimBua er åpen for alle med fullt medlemskap for egentrening hele sommeren. Mvh TrimBua
-

·
Luftig tur på Vikanipa
Torsdagsturane til Friidrettsgruppa fortset, denne gangen med ein luftig tur på Vikanipa. Starten er den same som for den vanlege turen opp, men litt oppe i vegen vender vi nasa oppover og skal følge skåra som går opp mellom brattfjellet og den skogkledde bratta. Turen er meget bratt og luftig og egner seg IKKJE for…
-

·
Ungdomssteget inviterer til sommarkonsert!
Ungdomssteget ved Eikefjord barne- og ungdomsskule inviterer vener og familie til sommarkonsert, onsdag kl 19 på Allhuset. Her får de sjå, og høyre: kor, solistar, dans og andre innslag. Inngang:Vaksne: 50,- Born: Gratis
-
·
Opning i Steinvika
Ordførar Bente Frøyen Steindal kom standsmessig køyrande i veteranbil med eigar Alex Vassbotten, og opna det flotte senteret som har fått plass det gamle kontorbygget til Steinvik Fiskefarm. Over to hundre, flest lokale folk, kom for å sjå og ete fiskesuppe, sjølvsagt med mest laks i. Les meir i Firdaposten og sjå bilder her
-

·
Lita kjøtmeis på besøk
Ei lita kjøtmeis på sin første flygetur viste seg å være litt mindre folkesky enn ein er vant til. Med flyetapper på to-tre meter var det ikkje vanskeleg å komme nær fuglen og til slutt kunne ein stryke meisa lett over fjøra. Til slutt tok ho vingene fatt igjen og var vekke, får håpe det…
-

·
Kristine på sonelagsturnering og Proffveka i Stryn
Kristine Løkkebø Nybø spelar i dag sonelagstunering på Sandane for spelarar fødd i 96/97. Ho er og teken ut til å delta på Proffveka i Stryn i august. Les meir om dette på www.eikefjord-fotball.no her og her.