-
·
Søndagskafè
I morgon Søndag 01.07 frå kl 13.00-16.00 er det duka for Søndagskafè på Samlingsheimen, Storebru. Dagens meny er Sommarskinke m/ tilbehør og heimelaga dessert til dessert. Det vert også sal av kaffi og kake. Ta Turen Då Vel…….. …
-
·
Gratis bibliotekbøker i Eikefjord!
Bibliotekfilialen i Allhuset er no nedlagt. Dagavdelinga/omsorg i Allhuset treng lokalet då det skal opprettast ekstra barnehageavdeling i Allhuset. I neste veke, dvs. frå 2. juli til og med 9. juli, kan folk i Eikefjord få gratis bibliotekbøker i Allhuset. NB! Du må møte opp på dagtid. Og ta gjerne med noko å bere bøkene…
-

·
Saga-Øystese på bana i dag kl 16.00
Fotballklubben Saga i frå Førde tek i mot Øystese i 3.divisjonskamp på bana i Eikefjorden i dag. Vel møtt til alle dei skodelystne!
-
·
Ferie Frisørbua
Frisørbua har feriestengd frå 9. juli og ukene 28 – 29 – 30. Velkommen tilbake 30. juli.
-
·
Mista førarkortet
Politiet hadde tirsdag kontroll i Naustdalstunellen og i Eikefjord. Kl. 1935 i Eikefjord vart ein bilist stogga etter å ha køyrt i 124 Km/t i 80 km/t sona. Førerkortet vart kverrsett.
-
·
Hovland Kraft opna
Hovland kraft er no offisielt opna. Eit vellukka samarbeidsprosjekt med lokale leverandører, skriv Brigt Samdal på vegne av Hovland Kraft i Firda.Fallhøgda er 429 meter og ei totallengd på 1800 meter. Det er beregna ein årleg kraftproduksjon på 9,5 GWh, nok til å forsyne om lag 500 husstander. Les meir i Firda onsdag
-
·
Jonsokfeiring i Eikefjord
på Allhuset laurdag 23. juni frå kl. 16.00 Sal av rømmegraut, kaffi, kaker, pølse m/ brød og brus. Lynlotteri. Kl. 18.00: Tog. Brudepar og spelemann med hest og kjerre. Kl. 19.30: Tenning av bål ved Miljøstranda. Storgrill blir tent. Kiosksal. Kl. 22.00 Midtsommarquiz på Allhuset Sal av drikkevarer, snacks og pølse m/brød…
-
·
Tapte toppkampen
Ein svak start på kampen øydela for eikefjordingane i dag. Diverre klarte ein aldri å snu kampen etter å ha kome under 1-0 allereie etter to spelte minutt. Til slutt stod det 4-0 til FSK2Les meir og sjå bilder hos Eikefjord-fotball
-
·
Toppkamp i dag
Det er duka for toppoppgjer når eikefjordingane tek i mot Florø 2 i Kvalvika i kveld. Florø ligg som nummer ein på tabellen med 21 poeng, medan tangotrøyene ligg på plassen bak med 19 poeng. Vel møtt! Atle Hopen vert garantert å sjå på tribuna i kveld, kjem du og?
-

·
Firdaløpet 2012
Lørdag arrangerte Sunnfjord Veteranbilklubb Firdaløpet. Lunch-stoppen var lagt til Eikefjord og det var samla godt over 100 veteranbiler i sentrum og ved Allhuset. I sentrum var det oppstilling av Alvis biler. Dei avslutta sitt Skandinaviske rally i Florø denne helga.