Turmoglegheitar
Fjellturar og turstiar.
Allhuset
Allhuset er bygdefolket si storstove og stod ferdig i 1994. Allhuset brukast til større arrangement som bygdefestar, bygdekino, barnedåp, konfirmasjonar, bryllaup, gravferd og ulike arrangement vert haldne. Her er også stor møteaktivitet på dag og kveldstid.
Kontaktnummer for leige (dagtid): 57756500
Kontaktnummer for leige (kveld/helg): 57756940
For meir info, sjå: Flora kommune
Barnehage
Eikefjord barnehage er ein kommunal barnehage. Barnehagen har fire avdelingar: Rødstrupe, aldersgruppe 1-2 år. Blåmeis, aldersgruppe 2-3 år. Grønnfink, aldersgruppe 3-4 år. Gulfink (uteavdeling), aldersgruppe 5-6 år. Gruppene er i hovudsak delt inn etter alder, men varierer litt etter behov.
Styrar: June Anne Nordnes
Kontaktperson FAU:
For meir info, sjå: Eikefjord barnehage
Skule
Eikefjord barne- og ungdomskule er skulen for heile distriktet rundt Eikefjord sentrum. Eikefjord fekk ny skule i 2016, i samband med bygg av ny skule kom også ein fleirbukshall på plass. Ute har skulen eit fint opparbeida område.
Rektor: Heidi Humlestøl Aasen
Kontaktperson FAU:
For meir info, sjå: Flora kommune
Fleirbrukshallen
Fleirbrukshallen er bygda si storstove. Den blir nytta av blant annet elevar ved Eikefjord Barne- og Ungdomsskule, Eikefjord Idrettslag og til diverse arrangement. Det er også moglegheiter for å leige hallen. Både til trening og arrangement.
Kontaktnummer for leige:
For meir info, sjå: Flora kommune