-
·
Urinerte i sandkassa i barnehagen
Det var eit ublidt syn som møtte leiar Dag Nybø og dei tilsette ved barnehageavdelinga Tussi på Allhuset i Eikefjord. I løpet av søndagsnatta vart folk i nabolaget vitne til at russ som deltok på russetreffet på Allhuset den kvelden, urinerte og knuste glasflasker i og rundt sandkassa til dei minste barnehagebarna i bygda. Les…
-
·
BINGO
Vil gjere merksam på at det vert bingo Fredag 30.11 kl 19.30 på Samlingsheimen, Storebru. I Firda er det annonsert at bingoen er ikveld (28/11), noko som er feil. Velkommen til store og små til ein hyggeleg spillekveld Fredag. Servering av snittar, kaffi og brus i pausen.
-

·
Årsmøte fotballbruppa laurdag 1. desember
Det vert årsmøte i Eikefjord Fotball laurdag 1.desember kl 14.00. Sakslista er er klar. Møtet vert halde på klubbhuset.
-
·
Krev ministeren på bana
Formannskapet i Flora nektar å godta trasevalet gjennom Eikefjord før 420 kV-linja står der. – Flora kommune kan ikkje sitje i ro og godta det som har skjedd. Vi går no ut samla og krev at traseen forbi Storebru, Knapstad og Eikefjord blir endra, understrekar Bente Frøyen Steindal (Ap) i formannskapet. No krev eit samla…
-
·
Julemiddag
Vi fortsetter med den tradisjonelle Juletalerken i Samlingsheimen Søndag 9 desember frå kl. 1400-1600. Påmelding til: Sollaug 57744833 / 95169821 eller Vigdis 57744509 / 97980783
-
·
Husflidmesse/Julemesse
Søndag 2 desember vert det julemesse på Allhuset. Opningstid frå 1200-1800. Inngangsbill. 10,- Salg av Rømmegraut, pølse m/brød, kaffi og kake. Velkommen helsing arr. Grendalag Storebru
-
·
Husflidmesse og Lysfest 2. desember
Det blir som vanleg tenning av julegrana i Eikefjord 1. søndag i advent. Som tradisjon blir husflid messe på Alhuset frå kl. 13.00 til Kl. 17.00 med samlingsheimen på Storebru som arrangør. Her kan det kjøpast både julegåve og kortreist gardsmat.
-
·
INFO OM EIKEFJORDDAGANE 2013 :
Etter eit veldig godt 10- års jubileum for Eikefjorddagane i 2012, har bygda «talt på knappane» om ein skulle vidareføre arrangementet slik det har våre. Som kjent er det vanskeleg å igjen skape suksess. Dei siste åra har omsetninga for helga ligge på ca. 1,00 million kroner.
-

·
Nye Eikefjord skule
Rehabiliteringa og nybygg ved Eikefjord skule gjekk gjennom bystyret tidlegare i månaden. Utbygginga må også gjennom bystyret neste månad då budsjettet for dei neste åra skal godkjennast. I forhold til tidlegare tegninger av skulen er det ikkje gjordt så store endringar, men uteområdet nede ved fylkesvegen er betydeleg forbetra.
-
·
Nominert til FairPlay pris
I fjor vant Eikefjord IL FairPlay prisen, i år er også laget nominert til denne prisen i lag med Selje, Vik og Jotun. Prisen er sett opp av Norges Fotball Forbund og Norsk Tipping og går til eit lag i kvar krets.