Kategori: Nyhetsarkiv

  • Kongleveke og bøssetømming

    Sparebanken har Kongleveke og i den forbindelse er det høve til bøssetømming i morgon 25. feb på Eikefjord Handel frå kl 13 til kl 17. Kopp og fat til alle kongleungar. Sparebanken minner også om at det no er lagt ut søknadsskjema for årets gavetildeling for lag og organisasjoner på www.ssf.no

  • Karneval i gymsalen

    Torsdag kveld inviterte 10.-klassingane på skulen dei minste elevane til karneval i gymsalen. Det var ikkje mange samanhengande sekund under karnevalet i gymsalen dei hoppande og dansande små piratane, prinsessene og monstra hadde bakkekontakt med parketten. Rusa på glede, morosame aktivitetar og sjølvsagt litervis med brus, hadde dei ei verkeleg stor oppleving. Les meir i…

  • Sølv i innandørs NM

    Yngve Grøneng Havn har etablert seg i den ypperste norgeseliten i kule. Denne helga tok han sølv i innandørs NM for senior med eit lengste støt på 1572. Dette er 90 cm kortere enn vinnaren og 1/2 meteren lengre enn 3. mann.Til sammen tok Florø T&IF 4 medaljer i mesterskapet – 2 gull og 2…

  • Quiz på Nærleiken i kveld

    Kaldt vintervær klarner topplokket. Kom og sjekk om det stemmer for deg.

  • 25 års tjeneste

    Trufaste kommunalt tilsette fekk overrekt blomster og gåve etter 25 års innsats for Flora kommune. Eikefjordingane som blei takka denne gangen er Werner Stubhaug, Randi Holsen og Arve Havn. Les meir i Firdaposten

  • Hundedrit til besvær

    Da min familie ikkje har hund lurer eg fælt på kvifor det ligger hundedrit ute på tunet, ja-ja, det kan jo skje at det har gått ein «laushund» forbi. Men at det ligger ein hundepose med hundedrit i, oppå trampolina i hagen det klarer eg ikkje å skjøne uansett kor mykje eg prøver. Eg er…

  • LAN i helga

    LAN i helga

    Til helga (19-21 feb) arrangerer Eikefjord Ungdomslag LAN på Allhuset. Blir Kiosk, sånn at folk kan kjøpe grandis og kaffi ++

  • Bestemorkveld på Nærleiken torsdag

    Bestemorlauget i Eikefjord er til inspirasjon for oss alle! Derfor er det på høy tid Nærleiken har en egen kveld til ære for denne «arten» damer. Torsdag 18. februar er det duket for en hyggekveld for og med BESTEMOR.

  • Køyrde i bommen

    Tysdag kveld i 10 tida forsøkte ein bilist å køyre rett gjennom bomstasjonen på Rv5 i Svarthumle utan å stanse. Han køyrde rett i bommen slik at frontruta på bilen sprakk.

  • Årsmøte i Friidrettsgruppa

    Det vert årsmøte onsdag 17. februar kl 19.00 i Klubbhuset. Sakliste vil være vanlige årsmøte saker. Vel møtt! NB! Hvis hovedstyret er ferdig med sitt møte før kl. 20, starter vi årsmøtet vårt umiddelbart etterpå. Leder regner med at møtet kan starte ca kl. 18.45