-
·
Eikefjorddagane til helga
Grendalaget satsar som aldri før på Eikefjorddagane. – Vi har eit meir rikhaldig program enn vi har hatt nokon gong. No kan berre vêret øydelegge for oss hevdar bygdas største optimist ei god veke framfor helgas store arrangement, seier Grendalagsleiar Anders Ole Sunnarvik til Firdaposten. Les meir i Firdaposten
-
·
God innsats i Jr-NM
Yngve Grøneng Havn og Trond Ove Hopen var i helga på Askøy og representerte FTIF på Jr-NM i friidrett. Yngve tok sølv i kule med 15,66 med ein jevn serie som viser at han er stabil på desse lengdene. Han vart også nr 5 i diskos.Trond Ove tok ein sterk 3 plass i spyd med…
-
·
Dugnad i samband med Eikefjorddagane.
Eikefjorddagane nærmar seg med stormskritt, og det er difor tid for dugnad igjen. Det blir dugnad i Eikefjord sentrum tysdag,onsdag og torsdag frå kl 18.00. Vi møter opp ved ICA, der det heng ei liste med arbeidsoppgåver som må gjerast. Her vil det og ligge ein penn, sånn at ein kan stryke ut etterkvart som dei…
-
·
Eikefjord vant fortjent
Eikefjord vant fortjent 3-2 over Askvoll/Holmedal i går. Dagens helt på Eikefjord var Børge Langedal som skåra alle måla til heimelaget. Les meir i Firdaposten
-

·
Lyngneset fast i byråkratiet
Då presenterte Gravdalgruppa planar for å byggje mellom 40 og 50 einebustader og 20 naust i Lyngneset, like sør for Eikefjord sentrum. Eitt år seinare står planane framleis fast i den byråkratiske hengemyra.– Det er særs viktig at vi no får denne saka på skinner att. Vi treng ein rask og optimalisert saksgang vidare. Men…
-
·
Framdrift på Per sine pålar
Dei gamle sjøbuene med sine karakteristiske landganger er sett på land med svære steinfyllingar eller rett og slett er blitt borte. No kan ein igjen skimte konturane av denne spesielle byggemåten. Per Øyvind Sørbø er godt igang med sitt prosjekt. Pållane er komt på plass og no er han i god gang med å legge…
-
·
Lokalfotballen rullar igjen
A-laget skal starte haustsesongen i morgon lørdag 7/8 kl 14 på stadion. Eikefjord skal spele heime i mot Askvoll/Holmedal
-
·
Batteri funne på stranda
Barnehagen var på tur i dag og dei fant eit Canon batteri på miljøstranda. Det blir oppbevart i barnehagen som du kan kontakte på tlf 57 74 48 75.
-
·
Velkommen til in-Spire
Jentene bak in-Spire har jobba hardt og målretta for å få butikken klar til Eikefjord dagane. Etter litt oppussing og ominnredning er butikken no opna for kunder. I går og idag er Spire på besøk og lærer jentene det meste om blomsteroppsatser. Mange fine eksemplarer er alt til salgs i butikken og meir blomster er…
-
·
Fjordsteam besøket i Eikefjord avlyst
Øyster som på fredag skulle gå frå Florø til Eikefjord kjem ikkje til Florø som planlagt. Båten er ikkje godkjent av klasseinstitusjonen og dermed kan den ikkje gå turen som planlagt.Fjordsteam har ikkje andre båtar å sette inn på turen så heile besøket blir avlyst.