Kategori: Nyhetsarkiv

  • Gratis stein til hagen

    Våronna er i full gong rundt om i bygdehagane. På Miljøstranda i Eikefjord ligg der mykje fin stein som kan nyttast til både kant- og pyntestein. I samband med at vi no skal rydde for fordeling av sand, vil vi oppmode folk om å ta med seg det dei kan av stein – så kan…

  • Trafikkuhell i Helgøytunellen

    Trafikkuhell i Helgøytunellen

    Kl 15 fekk politiet melding om trafikkuhell inne i Helgøytunnelen på Rv 5. Ein lastebil hadde mista to bakhjul og det eine hadde treft fronten på ein møtande bil. Vegen vart stengd i ca ein time og det var lange køer på begge sider av tunellen. Viking var på plass og her vert akslingen der…

  • Zumba avlyst

    Zumbaen er dessverre avlyst denne uka. Mvh TrimBua

  • Sjøkabelforslag gjennom Sogn og Fjordane

    Sjøkabelforslag gjennom Sogn og Fjordane

    Det har vore mykje snakk om sjøkabel i Hardanger. Departementet har også fått framlagt eit forslag om sjøkabel i fleire etappar mellom Fardal til Grov. Det er sivilingeniør Oddgeir Havn som har utarbeidd ei grovskisse der linja går i sjøkabel, i tunell og i grøft/luftspenn.

  • Vakker sand på badestranda

    Grendalaget vil informere om at ein no har kjøpt inn skjelsand til badestranda (miljøstranda). Det har vert ei prioritert oppgåve frå Grendalaget å få ei innbydande strand liggande klar, til årets badesesong. Det er bestilt 300 m3 skjelsand (ca 30 stk. lastebillass). Dette vil dekke ei høgde på ca 25 cm. over heile stranda. Leverandøren…

  • Sakral song i kyrkja

    Ved kveldsgudstenesta torsdag kl 19 vert der innslag av korsong. Lisbeth Hovland har samla songarar til eit lite blandakor som vil framføre «Velt all din veg og vande» (Bach), «Ave verum» (Elgar), «Laudate Dominum» (Mozart), og «Pie Jesu» (Lloyd Webber). Koret har med seg Ellisif Gjestland og Cathrine Holsen Gardner (sopran), Marit Høyvik og Ingunn…

  • SOMMARJOBB

    Vi søkjer etter ein kvikk og arbeidsam person som kan ta seg av vedlikehald av grøntanlegg i Eikefjord sentrum i sommar. Arbeidet består i hovudsak av plenslått, raking, og gjødsling av grøntanlegg, frå miljøstranda (båthamna) til skulen. Ein del rydding av boss må påreknast. Eikefjord Grendalag har drifsavtale med Flora kommune for arbeidet. Løn etter…

  • Bulyst midt i vekstaksen

    Saman med Flora Kommune har grendalaget søkt om 1,5 mill. kroner i bulystmidlar. Midlane blir forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet. Dette utgjer halvparten av kostnadsramma i prosjektet kalla «Liv laga mellom fjord og fjell».

  • Påskemysteriet løyst før Påske

    Tidligare har Eikefjord Idrettslag v/ Lars Terje Standal etterlyst styreprotokollane. Nå er mysteriet løyst! Protokollane heilt frå 1967 har vore trygt bevart hjå ein privatperson her i Eikefjord som fekk det i hende i forbindelse med 40 års jubileumet til EIL i 2007. Då var protokollane også på  avveie, men kom til rette etter litt detektivarbeid. Det høyrer med til historien at…

  • Stolen bil funnen på Krokane

    Politiet fekk i dag tidleg melding om at bilen som vart stolen frå Eikefjord i forrige veke er funnen igjen på Krokane. Det blir foreteke åstadsunderssøkelse på staden.