-
·
Open dag Trimbua laurdag 2.november
Nye Trimbua & styrkerommet har open dag laurdag 2. nov frå kl 12.00 – 14.00 Her kan du kome og teste kondisjon og styrkeapparat. Rettleiing i bruk av apparata får du med våre instruktørar. Ein kan også teikne medlemskap. – Lettare servering – Vi sjåast !
-
·
Nye Trimbua og styrkerommet – Open dag
Nye Trimbua & styrkerommet har open dag laurdag 2. nov frå kl 12.00 – 14.00 Her kan du kome og teste kondisjon og styrkeapparat. Rettleiing i bruk av apparata får du med våre instruktørar. Ein kan også teikne medlemskap. – Lettare servering – Vi sjåast !
-

·
Fotballfest aldersfastlagd torsdag 24. oktober
Fotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde laga på Allhuset torsdag 24. oktober kl 18.00-20.00. Festen er open for alle, så spelarane må ta med seg familie, slekt, vener og naboen.
-
·
Kino Onsdag 23.10.2013
Det er tid for kino igjen og dei yngste kan sjå Albert Åberg Hokus Pokus kl 18. Dei over 11 kan sjå Ragnarok kl 20.
-

·
50 km/t – kvar
Vegvesenet har justert fartsgrensa på Hovland. Mange som køyrer her til dagen ser ikkje på skilta og køyrer på gammal vane, men no er det verdt å ta ein kikk på skilta utanfor skulen og ute ved krysset i Kvalvika. Her er den nye fartsgrensa sett ned til 50 km/t så no må farten ned…
-

·
TV-aksjonen
TV aksjonen har sine frivillige ute i Eikefjord. Iris og Hjørdis gjekk mellom elvane på Hovland. Litt klingande mynt og mange lapper i bøssa idag.
-

·
Topp oppgjer i Bergen
Eikefjord basket hadde bortekamp mot serieleiar Frøya laurdag i Bergen. Frøya stilte med eit forsterka mannskap kor 2 spelare frå elitelaget var med. Frøya er kanskje det sterkaste laget i 3 divisjon som Eikefjord vil møte.
-
·
Trafikkuhell innanfor Sundefjellstunellen
Ei kvinne i 40 åra vart sendt med ambulanse til sjukehus etter at bilen ho køyrde hamna i fjellveggen like innanfor Sundefjellstunnellen lørdag like over kl 8. Kvinna var åleine i bilen. Det var ikkje vitne til sjølve hendinga, men spor på staden vitneopplysningar tilseier at stor fart kan ha vore medvirkande årsak til uhellet.…
-
·
Bøssebærarar til årets TV-aksjon
TV-aksjonen NRK 2013 går til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens. Innsamlinga skal føregå komande søndag, 20. oktober. Vi treng framleis fleire bøssebærarar i Eikefjord, for å få dekka heile området. Om du har høve til å bidra denne dagen, ta kontakt med Trine Hovland tlf: 95053098 eller e-post: trine.hovland@flora.kommune.no.
-
·
Bingo på Samlingsheimen
Snart fredag att og ny bingorunde på Samlingsheimen, Storebru kl 19.30. 2 spel og sal av enkel mat og drikke i pausen. VEL MØTT