-
·
Borna sin dag
På laurdag vert det borna sin dag på Eikefjord Aktivitetsgard og In-spire. Garden på Hovland er ope fra 12-1500. Her kan du gå på Stall og Fjøsbesøk, sitte på hest, kose med småkalvar, kyr, sau, og kaniner, mellom anna. Pris per ridetur. Kanskje får vi sjå den snåle fjøsnissen som bur på garden? Klokka 15…
-
·
Skuleprosjektet går vidare
Bystyret vedok etter ein tre timars debatt tysdag kveld å etablere ein mellombels brakkeskule på Eikefjord stadion. Debatten avslørte relativt fort at å la vere å bygge ny skule i Eikefjord ikkje var noko aktuelt tema. Forslaget til Jacob Nødseth om å ta tre månaders tenkepause for å kartlegge andre alternativ fekk dermed ikkje fleirtal. …
-
·
Skulen på agendaen
I morgon er det bystyremøte der Eikefjord skule vil verte eit av dei store emna. Framdriftsplanen er lagt, men i det siste har enkelte politikarar lufta tankar om ei tenkepause og utsetting av prosjektet på grunn av kostnadane som berre har gått oppover.Eikefjordingane er helt klare – prosjektet skal følge fastsatte framdriftsplaner og prosjektet lysast…
-
·
Eikefjord basket vant i Bergen
Eikefjord basket spelte 2 kamper i Bergen laurdag 30 nov. Første kampen var mot Gimle, dette ble en tøff kamp kor Eikefjord til slutt vant 78 – 67. Den andre kampen var mot Landås som ble ei enda tøffere kamp, Eikefjord lå under med 5 poeng i slutten av 3 periode. Men etter godt forsvarspel…
-

·
Adventskafe og åresalg
Eikefjord skulemusikk arrangerer adventskafe og basar på Allhuset søndag 1.12. Kl.14.00.Inngangsbillett: 50,- voksen, 20,- barn, barn under 5 år går gratis.Salg av pølser og brus, gratis kaffe og kake. Åreslag.Mini konsert med korpset før tenning av julegran.Tenning av julegrana i sentrum 17.00, kanskje nissen kjem?
-

·
Bøsseaksjon for sjøvettopplæring
Bøsseaksjon for sjøvettopplæring 25.11. -01.12.2013 Redningsselskapets bøsseaksjon går til inntekt for sjøvettopplæring blandt barn og unge.Her i bygda er det 10.klasse ved Eikefjord Barne-og ungdomsskule som skal ta deg av innsamling og dei foresatte håper at folk tar godt imot dei flotte ungdommane, og har kontanter klar! Kvart år når Redningsselskapet over 30.000 barn og…
-
·
Arbeid mellom Hatleset og Grov
Fredag 15/11 kunne man lese at det hadde gått eit ras mellom Førde og Grov. Dette raset gjekk i den små bekken mellom Hatleset og Grov. I dag starta opprenskingsarbeidet. Fartsgrensa er satt ned til 50 og det er manuell dirigering på staden. Ventetida er minimal.
-
·
Fartskontroll på RV5
Politiet hadde ein trafikkontroll på RV. 5 i Eikefjord fredag. 21 bilar blei kontrollerte og ein førar blei ilagt eit forenkla forelegg for å ha køyrt i 96 km/t.
-

·
Årsmøte Fotballgruppa sundag 8. desember
Det vert årsmøte for fotballgruppa i Eikefjord sundag 8. desember kl 18.00 på bana i klubbhuset. Enkel servering.
-
·
Trimbua oppdaterer
Trimbua har oppdatert påmeldingssidene sine. Systemet er det same som tidlegare, så no er det berre å melde seg på og trimme i veg. Er du ikkje medlem kontakter du Andre Høyseth som ordner medlemskap med eit stort smil.