-
·
A-laget spelar kamp på fredag
A-laget spelar toppkamp i 5.div avd 2 mot dei gulkledde Tambar frå Naustdal fyrstkomande fredag. Kampen skulle eigentleg ha gått i Naustdal, men det er arbeid gang på bana der inne denne veka. Eikefjorden ligg på toppen av tabellen, medan Tambar ligg på plassen bak. Kampen går altså i Eikefjorden fredag 14. juni kl 19.00. Hugs at på kvar heimekamp…
-

·
Prisen går opp
Kostnadskalkylane for Eikefjord skule har auka frå 99 millionar kroner i november i fjor, til 115 millionar i juni i år. Dei nye tala kom fram då prosjektkomiteen i Flora kommune tysdag drøfta fornying av Eikefjord skule.
-
·
Fartskontrol RV 5 – Svarthumle
Ein bilist fekk like etter midnatt natt til tirsdag førarkortet beslaglagt og blir meldt etter at han vart målt til 117 km/t ved ein laserkontroll ved Svarthumle, melder politiet.Det er mange kontrollar for tida så ta det med ro
-

·
I dag startar kyrkjefeiringa
22. september er det 200 år sidan vigslinga av Eikefjord kyrkje. Men kyrkjelyden nøyer seg ikkje med å feire på sjølve dagen.– Dagen idag tirsdag 11. juni står er borna sin dag. Kl 13 kjem det elevar frå Eikefjord og Steinhovden skule på besøk til kyrkja. Det blir song og musikk, bursdagssong og utstilling av…
-
·
Reidun Kristin Knapstad med toppresultat i skyting
Denne helga har fylkesmeisterskapen blitt arrangert i Kråkenesmarka i Førde, og om lag 250 skyttarar har delteke. Det dei beste viste i baneskytinga i dag er heilt i landstoppen. Skyt du 247 poeng i den innleiande runden so kjempar du om medalje i kva stemne som helst, seier Christian Rekkedal, leiar i Sunnfjord Skyttarsamlag, til…
-
·
Enda eit innbrot på skulen
Natt til lørdag var det enda eit innbrot på skulen. Denne gangen har det gått mest ut over døra til datarommet. Denne er forsøkt oppbrota, men kun ødelagt såå pass mykje at politi og administrasjonen ikkje kom seg inn. Dei har også vore andre plassar og lagt igjen spor. Politiet har fått tips om at…
-

·
Frisørbua feirer 10 år
Denne veka har Frisørbua feira 10 års jubileum. Dei som har vore innom har som vanleg fått ein god prat med Eva, men i tillegg har Eva spandert kaffi og kaker. Det har også vore gode tilbud å hente denne veka og dei kan du endå rekke om du tar turen innom idag.
-

·
A-laget med kamp i morgon laurdag kl 15.00
A.laget spelar kamp i morgon laurdag kl 15.00. Laget har vunne alle seriekampane til no, så vi får sjå kva Mjølka og co kan utrette mot dei gulkledde. Vel møtt!
-
·
Klar for montesessoriskule
Framtida til utkantskulane i Flora har vore på dagsorden kvar gang budsjettet er oppe i bystyret. Grendalaga truer med montesessoriskule og no får dei enda eit sterkt kort på hand. Eli Bolette Tyvold, tildlegare rektor på skulen i Steinhovden, blir ein av dei fem lærarane ved den nye montessoriskulen som åpner i Kjølsdalen til høsten.…
-
·
Uttalelse om konfirmasjonsundervisninga
Til bystyret i Flora ved ordførar Bengt Solheim-Olsen -Samrøystes uttale frå foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Eikefjord barne og ungdomsskule: FAU ved Eikefjord skule ønskjer konfirmasjonsundervisninga framleis i skuletida