-
·
Hurra for Nina og Bjarte
Det var stor stemning og mange smil på butikkopninga i sentrum søndag ettermiddag. Det var mykje folk som fylte opp lokalene og gleda seg ilag med Nina og Bjarte. Endeleg er det liv i butikklokalene som har vore mørklagde sidan matbutikken drog inn årane. Høgtideleg snorklipping foran inngangen til Inspire.
-
·
Solveig Svardal Norgesmester
4 eikefjordingar var på norgesmesterskapet i motbakkeløp lørdag. Solveig Svaardal kan titulere seg som norgesmeister etter slitet opp Storehesten.
-
·
Ferie Frisørbua
Frisørbua har feriestengt i veke 28 – 29 – 30. Ønsker alle ein god sommar.
-

·
Veikingkonvoi i helga
I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 17. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Eikefjordingar, Ålfotingar og andre føter gjort at ein rustar seg til landets største båtkonvoi!
-
·
Viktig melding frå skulen!
Vi har mykje klede liggande på skulen som elevar (og andre brukarar av huset) har lagt att. I morgon, torsdag, vil difor alle klede bli samla i gymsalen. Vi ber elevar og føresette om å kome innom i løpet av dagen for å hente det dei eig. Det som då er att vil alle kunne…
-
·
Jubileumskonsert og dans 7. september!
Koriander fyller 10 år i år og vil feire dette saman med bygdefolket. Vi inviterer difor alle til jubileumskonsert på Langedalsbua 7. september. Det vil vere sal av øl og vin, og etter konserten vert det spelt opp til dans! I løpet av kvelden vil Koriander også by på underhaldning som garantert vil trimme lattermusklane i salen! :))) Dette vil du…
-

·
Fotballfest i Førde i dag på Sport 1 for store og små
I dag kl 17-19 er det fotballfest i Førde på Sport 1 med mellom anna Liverpool-legendene Bruce Grobbelaar og Phil Neal. Mellom anna er laseren er på plass og den som skyt hardast vinn fotballsko til 2500,-, samt at triksekongen Carl Martin kjem i lag med fleire spelarar frå Førde sitt A-lag. Det er 30…
-
·
Elevar opna første del av turstiane
Elevane ved Eikefjord skule har gjordt eit kjempearbeid på den første delen av turstiane som er oppgradert. Frå rasteplassen og utover mot Hogane er det no lagt grus i god bredde. Ikkje berre har elevane gjordt dugnadsarbeidet, dei har også finansiert det heile ved å selge kunst dei sjølv har laga. Kunsten blei auksjonert bort…
-
·
Bålet vert tent kl. 19.15 i kveld!
Bålet ved stranda vert tent kl. 19.15 i kveld. Det vil også vere kiosksal.
