-
·
Deltaking frå Eikefjord på årets Breimstafett 1. mai ?
Breimstafetten er fylkets eldste idrettsarrangement og samlar kvart år fleire hundre utøvarar i alle aldrar. Breimstafetten blir omtala som vårens vakraste eventyr. EIL friidrett vil forsøke å stille med minst to lag på startstreken i årets Breimstafett, 1.mai. Dette i opa klasse ( dame og herre) og herrer veteran ( over 35 år).
-
·
Tambarskjelvar + Ekefjord er sant
Eikefjord Fotball og Tambar Fotball slår seg saman og dannar felles fotballgruppe frå og med sesongen 2012. Styra i Tambar Fotball og Eikefjord Fotball har hatt fleire møter sidan starten av januar i år, og vart fredag 25.mars einige om dei viktigaste punkta for å kunne slå saman dei to fotballgruppene. Les meir hos Eikefjord-fotball…
-

·
Loppemarked også i morgon
Loppemarkedet til Ungdomslaget er ein stor suksess alt etter første dag. Køa var lang utanfor butikken når den opna og det var over 100 mennesker inne den første stunda. I morgon er det ope fra kl 10 til 17 og det blir lagt fram nye lopper. Ungdomslaget ønsker deg velkommen til ein spennande handel.
-
·
Utbyggingsplanar på Lyngneset
Styret i Eikefjord Grendalag vil presisere at eigar av Lyngneset var invitert til planmøtet på Allhuset tysdag 29. mars på lik line med dei andre grunneigarane. Stian Grimset frå Gravdalgruppa møtte som representant for Lyngneset, og informerte dei frammøtte grundig om entrepenøren sitt syn og eigar sitt ynskje om utbygging. Tomteområdet på Lyngneset er i…
-

·
Lyngneset ikkje med i plansmia
Flora Kommune får mykje skryt for initiativet med plansmie for å få fortgang i kommunedelplan for Eikefjord. På forespørsel om å få tilsendt plan som viser heile planområdet inklusiv byggefeltet på Lyngneset fekk eikefjord.net beskjed om at i første omgang er ikkje Sunnarvik med i planane. Ein må ta eit område om gangen og valget…
-

·
Nærkontakt med hjort
Når eg kom ned på Bakkane, på veg heim frå Hovlandstøylen torsdag middag fekk eg den flotte opplevinga å stå ansikt til ansikt med 2 hjortar med berre ca. 10 meter mellom oss. Vi studerte kvarandre i minst fem minuttar før eg trekte meg roleg tilbake. Mi erfaring med desse dyra er, at om dei…
-

·
Eikefjord Grendalag 2011-2012
Eikefjord Grendalag hadde sitt første styremøte 27.03. Etter konstituering, er det nye styret sett saman av leiar Anders Ole Sunnarvik, kasserar Berit Seljeset Osa (ny), skrivar Cathrine S. Holsen Gardner (ny), Silje Standal, Margunn Tonheim, Erling Ness og Per Ole Solli (ny). Grendalaget har allereie arrangert møte mellom Flora Kommune og grunneigarar i bygda (sjå…
-

·
Kommuneplan i ekspressfart
I juni i fjor gav bystyret klarsignal for å starte med revisjon av kommuneplanen for Eikefjord. Grunna personell- og resurssituasjonen ved teknisk avdeling har dette arbeidet teke lang tid. Fleire grunneigarar har venta lenge på revisjonen og ei rekke byggeprosjekt står på vent. I alt er det klart for bygging av vel 200 bustader i…
-
·
Hobbykveld på InSpire
I kveld er det igjen hobbykveld på InSpire. Dette er eit uhøgtidleg møtepunkt med forskjellige hobbyer og kaffi/te. Hobbykvelden blir fast siste torsdag i måneden og denne kvelden er det ope fram til kl 22 der folk kan komme og gå når dei vil. Frå 1.april er opningstidene som følger. Mandag – lørdag 10 –…
-
·
Kurs Frisørbua
Frisørbua held stengt Fredag 1. april og Lørdag 2. april på grunn av kurs.Er tilbake Tirsdag 5. april.