Kategori: Nyheter 2011

Små og store nyheter  Eikefjord i 2011

  • Bulyst midt i vekstaksen

    Saman med Flora Kommune har grendalaget søkt om 1,5 mill. kroner i bulystmidlar. Midlane blir forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet. Dette utgjer halvparten av kostnadsramma i prosjektet kalla «Liv laga mellom fjord og fjell».

  • Påskemysteriet løyst før Påske

    Tidligare har Eikefjord Idrettslag v/ Lars Terje Standal etterlyst styreprotokollane. Nå er mysteriet løyst! Protokollane heilt frå 1967 har vore trygt bevart hjå ein privatperson her i Eikefjord som fekk det i hende i forbindelse med 40 års jubileumet til EIL i 2007. Då var protokollane også på  avveie, men kom til rette etter litt detektivarbeid. Det høyrer med til historien at…

  • Stolen bil funnen på Krokane

    Politiet fekk i dag tidleg melding om at bilen som vart stolen frå Eikefjord i forrige veke er funnen igjen på Krokane. Det blir foreteke åstadsunderssøkelse på staden.

  • Eikefjordingar Rett Vest

    Nokre få eikefjordingar hadde funne vegen til Florø og Rett Vest arrangementet på lørdag. Geir Tore Leversund var raskast med 41.42 på 10km.

  • Påskequiz på Allhuset

    Påskequiz på Allhuset

    Onsdag 20. april opnar dørene kl 20.00. Quizen startar kl 20.30. Det er ein etablert tradisjon at bygdefolket samlar seg til kappestrid i kunnskap i løpet av påskeveka. I år er vi ekstra heldige fordi vi har fått Thomas Fraas til å ta rolla som gjestequizvert!! :-)) Forandring frydar! Etter quizen vil det verte laga…

  • Rasfare bak skulen

    Rasfare bak skulen

    Arbeidet med rehabilitering av skulen har stoppa opp på grunn av rasfare frå berget og ein knaus bak skulen. Ei sprekk i ei blokk over skulen har utvida seg 3,5 cm sidan 1970 og ein del av ein bergknaus ser ut til å være i bevegelse.

  • Jenta har det bra

    Etter forholdene har jenta som blei påkjørt på Hovland det bra. Det var eit ope brudd i eine leggen som måtte opererast. Det var heldigvis ikkje skade i ankelen. Ho er kommen tilbake frå operasjonen og fått inn skinner på leggbeina. Legen har sagt til foreldra at bruddet vil bli heilt bra, men ho må…

  • Påkjørsel på Hovland

    Kl. 0841 mottok politiet melding om trafikkulykke på Fylkesveg 542 på inste Hovland der ei jente på 6 år er påkøyrd og vil verte frakta til sjukehus. Ein firda-no-tipsar fortel at jenta gjekk langs vegen saman med andre born, og pilte plutseleg over vegen. Då kom det ein bil. Ambulanse, luftambulanse og politi rykte ut…

  • Etterlysing

    Hovedstyret i Idrettslaget etterlyste forige veke styreprotokollane som er på avvegar. Også permane med årsmeldingane er på avvegar. Lars Terje som prøver å være detektiv treng hjelp for å løyse gåta. Har du tips når du han på 97 56 96 04.

  • Utgreiing av ny barnehageavdeling

    Bystyret vedtok tirsdag at ein skal utrede ny barnehageavdeling i Eikefjord. Partiene kappast i desse valgtider om lovnader på barnehagefronten og bystyret vedtok dermed at det første som skal skje er ei utredning om ny barnehageavdeling i Eikefjord. Les meir i Firdaposten eller Firda torsdag.