-
·
Friidrettstreningane avlyst
Tirsdag 3/5 er friidrettstreningane avlyst
-
·
Hull-i-hull vegen i Svarthumle snart historie
Arbeidet med riving av bomstasjonen og fiksing av vegen i Svarthumle kom godt igang før vinteren sette ein stopper for arbeidet. No er våren her og Jon Harald Huseklepp i Vegvesenet kan opplyse at arbeidet med vegen og kontrollplassen skal være ferdig 31. mai.Arbeidet omfatter asfaltering, vegmerking, litt rekkverkarbeid, støyping av plate for kontrollvekter og…
-

·
Eikefjord på Breimstafetten
Eikefjord idrettslag stilte med lag i klassen, herrer veteran på årets Breimstafett sundag 1. mai. Eikefjord herrane kom på ein 3. plass i sin klasse, berre 26 sekund bak vinnarlaget.
-
·
Promillekøyring Førde-Florø.
Etter fleire meldingar om mistenkeleg køyring vart ein bil stoppa av politiet på Rv 5 vest for Eikefjord. Bilen vart observert i det den køyrde frå Førde og seinare på veg mot Florø. Bilførar,ein ung mann i slutten av tenåra, vart teken med lege for blodprøve. Saka blir vidare etterforska av politiet i Florø, melder…
-
·
Sprell levande avsluttning
Det blir avslutning for «Sprell Levande» tysdag 3. mai kl 18.00 – 19.30. Møt opp ved kyrkja. Om veret vert bra, vert vi mest ute. Song, forteljing, leikar og overrasking! Vel møtt!
-
·
Dugnad på stranda
Nokre få entusiastiske brukarar av stranda hadde funne vegen til dugnad på lørdags ettermiddag. Det vart raka saman stein som ein ville fjerne før den nye sjelsanden blir lagt utover. Små og store jobba på og sanka saman steinane i haugar som blei kjørt vekk.Eit lite sukk fekk Eikefjord.net frå den eine i dugnadsgjengen –…
-
·
Krev avklaring om rasfare
Mange i Eikefjord er irritert over at kommunen først no kjem på bana om rapportane om rasfare i berget ovanfor skulen. Dette burde teknisk ha avklart for lenge sidan, seier grendalagsleder Anders Ole Sunnarvik til Firdaposten. Han gjer det også klart at at dei ikkje vil godta ei lengre utsetting av prosjektet. Grenda har snart…
-

·
Eikefjordingar sentrale i cupkamp!
I dag sundag spelar Saga i mot Sogndal i 1. runde i cupen. Kampen går på Førde stadion kl 18.00. Anders Ole Sunnarvik skal vere speaker, medan Joakim Knapstad (bilete) skal vere dommar! Då er det berre å oppfordre til å ta turen til Førde stadion i finvèret i ettermidddag.
-
·
DUGNAD I DAG
Minner om dugnad på stranda i dag kl 15-18. Kom, kom!!!
-
·
Tap mot Florø 2
Eikefjord gjekk på eit stort tap i første seriekampen for sesongen. Andrelaget til Florø gjekk av bana med 4-0 etter to skoringar i kvar omgang. Les meir hos Eikefjord-fotball