Kategori: Nyheter 2011

Små og store nyheter  Eikefjord i 2011

  • DUGNAD I DAG

    Minner om rydding i Eikefjord kl 18-20. Oppmøte ved In-Spire. Sveler og kaffi.

  • Rita Eriksen til Eikefjorddagane 2011

    Rita Eriksen til Eikefjorddagane 2011

    Siste helga før skulestart feirer vi bygda vår tre dagar til ende. Tradisjonen tru er der kyrkjekonsert etter opninga fredag 12. august. Dørene opnar for ei oppleving med Rita Eriksen Trio kl. 19.00 (konsertstart kl. 20.00). Eriksen er kjend og kjær for mange. Kvinna frå Stavanger har vore aktiv plate- og konsertartist sidan tidleg nittital,…

  • 16. MAI ARRANGEMENT

    16. MAI ARRANGEMENT

    Eikefjord Ungdomslag ønskjer tradisjonen tru å lage til ei samling for ungdommen i bygda 16. mai. Vi syns det er dumt at ein reiser til by’n denne kvelden når vi har eit godt tilbod heime i bygda. Som tidlegare år vil vi tilby eit arrangement som startar på Miljøstranda med grilling, sandvolley og kanskje bading…

  • Minner om dugnad i sentrum!

    Torsdag 12. mai kl 18-20 samlast eikefjordingane om å rydde og stelle sentrum til 17. mai!!! Ta med river, greiper og kostar til feiande godt sosialt samver. Vi steikjer svele og serverer kaffi. Oppmøte ved In-spire!:)

  • Arbeidsuhell

    Ein mann er skadd etter eit arbeidsuhell i Eikefjord. Mannen har fått klemskadar og blir teken hand om av helsepersonell. Politiet er på staden og foretek undersøkingar. Arbeidstilsynet er varsla. Saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.

  • HOVLANDSTØLEN OPP 5. JUNI

    Hovlandstølen Opp er flytta i år til søndag 5 juni kl. 13.00. Oppmøte på klubbhuset søndag 5. juni frå kl. 10.30 for trim og mosjon for påmelding og uttdeling av startnr.Barneløpet startar kl. 12.30 i svingen nedanfor stølen. Ein må berekne 1 time opp til stølen. Ta trimturen opp med heile familien.

  • Oppstart Eikefjordkarusellen 2011

    I ettermiddag startar Eikefjordkarusellen på stadion med øvingar for store og små:   1. runde – tysdag 10. mai kl. 17.30 – 60m, lengde, 300m, 2 km   60m og lengde for alle årsklassar, 300m for litt eldre born, 2 km for store og vaksne.   Startpengar kr 30,-. Medalje til alle som er med…

  • Trippel-feiring

    Søndag vart trillingane Madeleine, Emilie og Andreas Hamn frå Knapstad i Eikefjord konfirmerte.Med tre konfirmantar vart mamma Bente Bjerk Hamn tre gonger så rørt, fortalde ho etter seremonien. Les meir i Firda

  • Kino onsdag 11 mai

    Kino onsdag 11 mai

    Onsdag 11.05.2011 kl .18.00 er det kino igjen. Vi starter med GNOMEA OG JULIE 3D som er tillatt for alle. Dette er tidenes største kjærlighetshistorie, og i hovedrollen… hagenisser? Kl. 20.00 er det FAST AND FURIOUS FIVE, med sensur: 15 år. Dominic og co befinner seg nok en gang på feil side av loven.

  • Bilete i frå miniputt turneringa

    Strålande sol og mykje folk var med på å laga ei fin ramme rundt miniputt turneringa som vart arrangert i går. Bilete, filmsnurr og anna finn ein her på www.eikefjord-fotball. no PS. Ein vil og minne om smågutelaget G 13/14 som har heimekamp på bana i dag kl 19.00. Vel møtt!