Kategori: Nyheter 2011

Små og store nyheter  Eikefjord i 2011

  • Sceneshow på Eikefjorddagane

    Programmet for Eikefjorddagane 2011 er fullpakka med godt for stort og smått! Laurdag kl. 15.00 går Per Øyvind Helle, Roy Austbø, Ann Kristin Takle Winterthun og Trond Ramstad Olsen på scenen med utdrag frå sommarrevyen – lett omskrive og tilpassa fjordapublikumet. Det spørs om vi ikkje må vente storm frå vest denne halvtimen! Sundag kl.…

  • Eike kjem – kjem du

    Eike kjem – kjem du

    Eg er Eikefjord sin maskot, og bur i toppen av eit eiketre her i bygda. Eg er ein ekte Eikegut som er full av liv og røre, og som synest det er veldig stas med mykje ungar rundt meg. I år på Eikefjorddagane kan du treffe meg rundt omkring i sentrum. Dersom du ser meg,…

  • Til topps!

    Denne helga feirer vi Eikefjord tre dagar til ende. Grendalaget oppfordrar eikefjordingane om å heise flagget til topps, og flagge fredag, laurdag og sundag. Velkomen til Eikefjorddagane 2011!!!

  • Ta i eit tak!!!

    Minner om dugnad for Eikefjorddagane onsdag 10. og torsdag 11. kl. 17. Kom og ta i eit tak – bokstaveleg tala: vi treng folk til å vere med og rigge telt. I tillegg vert der vasking og rydding både inne og ute i sentrum. Sveler og kaffi vert servert etter innsatsen.

  • Eikefjord ynskjer velkomen!

    Eikefjord ynskjer velkomen!

    Eikefjorddagane blir i år arrangert for 9. gongen. Dagane er dermed blitt ein og er viktig for bygda si marknadsføring. Vi gler oss til å ta i mot deg som gjest, og håper vèrgudane smilar med oss alle denne helga! Eikefjorddagane skal vere for alle, med det lokalmiljøet har å tilby av folkeleg aktivitet som…

  • «Eikefjord på langs» – sundag 4. september

    Stølsdag i Eikefjord for alle Sundag 4. september 2011: Eikefjord idrettslag friidrettsgruppa inviterar alle til *» Ut på tur dag i Eikefjord fjella » *Bli med du også og gå kanskje på nye stiar ! Start familieløype, parkering og påmelding ved Eurorasteplassen. “Eikefjord på langs”.

  • Kom – kom til konsert!!!

    I høve konserten med Rita Eriksen Trio fredag 12.08. kl. 20.00 i Eikefjord Kyrkje ligg der billettar til førehandssal på Spar Eikefjord og Narvesen i Florø. Vi oppmodar alle som kan å «løpe og kjøpe»! Billettane kostar 250,-. Førehandssalet vil bli avslutta torsdag kl. 15.00 på Narvesen/Florø og fredag kl. 12.00 på Spar Eikefjord. Vi…

  • Fredagsjam

    Fredagsjam

    Etter kyrkjekonserten kan du ta turen til sentrum for å høyre husbandet ”LailaBjørnSteinar” spele med open mikrofon. Her kan alt hende! Trioen lovar liv og eggerøre. Tru om teltet vil lette?

  • Informasjon om skulestart

    Skulen ynskjer alle velkomne til skuleåret 2011/2012! Måndag 15. august skal elevane møte i gymnastikksalen kl.12.00. Les meir hjå Eikefjord skule

  • Campingplass som terapi

    Campingplass som terapi

    Som tidlegare nevnt på Eikefjord.net tok Hans Endestad over campingplassen på Storebru på sin eigen fødselsdag. Dette viser seg å bli vegen tilbake til arbeidslivet for Hans, etter eit stygt uhell på fotballbana i Stryn.