Kategori: Nyheter 2011

Små og store nyheter  Eikefjord i 2011

  • Husk Eikefjord på langs i morgon søndag

    Husk Eikefjord på langs i morgon søndag

    Eikefjord idrettslag friidrettsgruppa inviterar alle til  Ut på tur dag i Eikefjord fjella. Bli med du også og gå kanskje på nye stiar og husk at om kleda er gode er fjellturen også god.

  • Tikk tikk takkefest

    Hugs å melde deg på til takke/dugnadsfest i laupet av kvelden! Ring/txt 46681680.

  • Eikefjord med storseier på Sandane

    Etter sesongens dårlegaste førsteomgang var det tid for pauseeprat. Pausepraten må ha virka, for det var eit heilt anna Eikefjord-lag som entra bana. Ein framstod meir som eit lag no. Dei orangekledde gjekk rett i angrep og starta med å vinne duellar. Løna fekk ein då Torbjørn Løkkebø sette inn sitt andre mål for dagen…

  • Såg bjørn i Svarthumla

    Tre personar som sat i same bil seier dei er sikre på at dei såg ein bjørn i vegkanten ved Svarthumlevatnet.– Eg er heilt sikker på at det var ein bjørn. Han stod på to på høgre sida like i vegkanten like etter at vi hadde køyrt gjennom Nausdaltunnelen på veg til Florø, fortel Sigrid…

  • Takkefest på laurdag

    Laurdag 3. september kl. 20.00 legg vi arbeid til sides og samlast til festleg lag på Allhuset. Var du med å hjelpe til på Eikefjorddagane er du hjarteleg invitert og velkomen! Tenkjer du at du ikkje gjorde «nok» for å vere med, tek du nok feil – her er all innsats verdsett, så bli med…

  • God på nest høgste nivå i fylket

    Eirik Fraas har etablert seg på godt nivå og var ein av Førde sine beste i kampen mot Mandalskameratane. Han sklei inn 2-0 bak MK-keeper og skåra også 3-0 målet. På slutten legg han ein lekker stikkar Bernt Norevik, som får æra av å avslutte scoringsracet 6-0 til Førde. Les meir i Firda.

  • Ferie Frisørbua

    Frisørbua tar 1 uke ferie i uke 36, f.o.m 5.september t.o.m 10.september. Velkommen tilbake mandag 12. september

  • Ny orange klubb-buss

    Ny orange klubb-buss

    Eikefjord Fotball har kjøpt seg buss med god hjelp i frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Denne skal ein bruke til alle laga våre, samt at den også kan leigast ut til andre lag og organisasjonar i bygda. Les meir hos Eikefjord-fotball

  • Fotballen rullar vidare

    Nytt frå fotballgruppa: Mellom anna så har ein kjøpt seg buss, Kristine Løkkebø Nybø er på soneturnering i dag, samt at Dani Brandsøy har skrive under utlånsavtale for resten av sesongen. Les meir på www.eikefjord-fotball.no

  • Eikefjord på langs 4.september

    Stølsdag i Eikefjord for alle Sundag 4. september 2011: Eikefjord idrettslag friidrettsgruppa inviterar alle til *» Ut på tur dag i Eikefjord fjella » *Bli med du også og gå kanskje på nye stiar ! Start familieløype, parkering og påmelding ved Eurorasteplassen.