Kategori: Nyheter 2011

Små og store nyheter  Eikefjord i 2011

  • Kino onsdag 12 oktober

    Kino onsdag 12 oktober

    Det er tid for kino igjen og denne gang viser Bygdekinoen «Knerten i knipe» kl 18. Dette er ein film som er open for alle. Kl 20 er det «Abduction», ein amrikansk actionfilm med aldersgrense 15 år.

  • Vivians Hårdesign holder stengt

    Vivians Hårdesign holder stengt fra Torsdag 13 okt – Mandag 17 okt. Grunna Frisør messe/kurs i London. Velkommen tilbake Mandag! For timebestilling ring: 41444050

  • Lavvobase Nipevatn blåst i filler

    Lavvobase Nipevatn blåst i filler

    Lavvoen som står på nordsida av Nipevatnet har stått oppe i heile sommar. Veiret denne sommaren har ikkje vore det beste og har nok vore enda verre på fjellet enn nede i bygda. Ved inngangspartiet har ytterteltet blitt reve i filler og fillene hang berre rundt bardunene og flagrar.

  • Pubquiz laurdag!

    Mange har etterlyst neste quiz, og no er vi endeleg klare! Laurdag 8. oktober kl 20.30 vert det haustquiz på Allhuset. Ein god måte å starte haustferien på!:-)) Som vanleg er det maks 6 personar per lag og 20 kr for å delta. Håpar du kjem! Arrangør: Koriander

  • 2.runde i Løpskarusellen søndag 9. oktober – Jølster

    2. runde i Løpskarusellen søndag 9. oktober: 2. runde i Løpskarusellen vert flytta frå Førde til Jølster. Løpet går som vanleg på Vassenden med stemnekontor og garderobar på Vassenden Skule. Distansar er 5km og 10km i tillegg til barneløp på 600m. Start første løp kl. 14:00. Vel møtt!

  • Fjordpipe med jobb for STX i Florø

    Når røyrleggingsfartøyet «Deep Energy» kjem til, står tilsette i Fjordpipe klar. Fjordpipe har sikra seg kontrakt på ferdigstilling av røyrsystema om bord på «Deep Energy».Dette arbeidet kjem til å sysselsetje mellom 25 til 30 tilsette frå Fjordpipe. – Dette oppdraget naturlegvis ein heil del å seie. Spesielt kjekt er det at det er i vårt…

  • Plansmie for Eikefjord

    Veke 45 vil stå i Eikefjord sitt namn. Då legg Flora kommune til rette for plansmie i bygda. Det heile startar med eit folkemøte måndag 7. november. Tysdagen behandlar Bystyret «Planprogram for Kommunedelplan for Eikefjord 2012-2024». Vi vil kome attende med program så snart vi mottek dette frå kommunen. Plansmia vil ellers bli kunngjort i…

  • Hovland Kraft

    Hovland Kraft

      Styreleiar i Hovland Kraft, Brigt Samdal trur det blir kraftproduksjon i Kraftverket før jul. Boreriggen som skal lage tunell for rørgata i den brattaste kneika oppe under løype er på plass og borer nedover fjellet. Kjerneboring er valgt fordi denne metoden sparer naturen for store inngrep, spesielt der det er så bratt som oppe…

  • Strømutkobling

    Grunna arbeid blir det strømutkobling på Indre og Ytre Holand i morgon tirsdag 4 okt. frå kl 10 til ca 14

  • Ungdommens bystyre

    Eikefjord skule har fått to representanter inn i ungdommens bystyre. Det er Bjørnar Øren som fekk 10 stemmer og Erlend Akselsen med 6 stemmer. Vara er Beate Domben Øren 5 stemme og Synnøve Kristine Solheim 5 stemmer. Les meir i Firdaposten